Hopp til innhold

Solgt-Frode synest folk skal gå meir på besøk til naboen

Programleiar Frode Søreide meiner at du godt kan bruke påska til å gå på besøk, utan å avtale noko som helst på førehand.

Frode Søreide

PÅSKEKLAR: NRK-profil Frode Søreide er glad i gode påsketradisjonar.

Foto: NRK

– Kva skal du gjere i påska?

– Første del av påska startar heime på Søreide, der eg skal tilbringe tid med familien min. Deretter setter eg kursen mot Hemsedal. Så frå stille og rolege dagar i Sogn håpar eg på snø og partystemning i fjellbygda.

– Kva betyr påska for deg?

For det først er det herleg med litt ferie etter ein lang vinter. For meg er det tid med familie og venner som er viktig, og ein tur på påskefjellet høyrer med. Påska er ofte siste helg til fjells, samtidig som det er ein smak av vår i låglandet. Viss det blir sol da …

– Klarer du å legge vekk mobil/pc når du har påskeferie? Eller er du like mykje «på» som vanleg?

– Heime i Sogn har eg dårleg dekning på mobiltelefonen, så da klarer eg å legge den vekk litt. Og det er jo balsam for sjela. Men eg er nok ein som er redd for å gå glipp av noko, så eg må oppdatere meg, sjølv om det er ferie.

Frode Søreide
Foto: NRK

– Har du nokre spesielle påsketradisjonar?

– Eg er onkel til fire, så eg tek på meg rolla som påskehare. Har med meg påskeegg fulle av snop, som blir gøymt ute, og dei må finne påskeegget med sitt namn på. No er han eldste over 20 år, så det er kanskje på tide å finne ein ny tradisjon. Elles handla det mykje om mat når eg heime i Sogn.

– Har du barndomsminne frå påska du vil dele med andre?

– Når vi var små kom det alltid mange påsketuristar heim. Dette skapte mykje liv og røre i bygda, og ofte enda det med fotballkamp der både små og store i bygda var samla og deltok. Vi hadde ingen fotballbane så det heile skjedde på «bøen» og vi brukt staur og stein som målstenger. Topp stemning.

– Om folk kjedar seg i påska, har du forslag til ein morosam aktivitet?

– Gå og besøk naboen. Folk er blitt alt for dårlege til å besøke kvarandre, utan å bli invitert.

– Påskekrim er jo ein tradisjon for mange. Les du bøker i påska?

– Det hender eg tek med meg ei bok, men det er berre lykke om eg ikkje får tid å lese den. Det tyder berre på at det har vore ei så kjekk påske at det ikkje har vore tid til å sette seg ned å lese.

– Har du ei bok du kan anbefale til andre?

– No er jo Jo Nesbø ute med ny bok, så den har eg sjølv plan om å lese etter kvart. Men håpar jo at eg ikkje rekk det i påska.

– Har du eit brettspel eller kortspel som er din favoritt?

– Vi er ein yatzy-familie. Og kortspel med far.

– Kva er din favorittsong for tida?

– Eg har aldri vore særleg musikalsk, så eg er stort sett avhengig av kva radioen spelar.

– Du har jo stor suksess med serien Solgt på NRK1. Kva er planane dine framover?

– Vi har i år lage eit påskespesial, der vi har vore på Beitostølen og tippa pris på tre hytter. Så det kjem på NRK1 2. påskedag. Vi er akkurat ferdig med å spele inn årets sesong som kjem på TV til hausten.

– Og til slutt. Har du lyst å komme heimatte til Sogn og Fjordane?

– Når Arve Uglum blir pensjonist og eg kan ta over «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», så skal eg vurdere det. Men sjølv om eg ikkje bur i fylket i dag, så eg er veldig glad i heimfylket mitt.