NRK Meny

Solberg skal opna høgskulen

Statsminister Erna Solberg kjem til Sogndal for å opna den nye Høgskulen på Vestlandet 10. januar. I juni vedtok høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund å slå seg saman til ein stor høgskule. Medan statsministeren skal vera i Sogndal, står kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen for opninga i Bergen, og statssekretær Bjørn Haugstad kjem til Haugesund.

Erna Solberg
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix
Vegopning på Bergum i Førde kommune