Hopp til innhold

Søkjer på Årdalsvatnet

Politiet søkjer i dag med båt etter Charlotte Moene på Årdalsvatnet.

Det kjem dei til å gjera to gonger i døgeret framover.

Det er ikkje organisert noko søk på land i helga, men politiet melder at mange friviljuge er ute.

Over helga kjem søket etter Moene til å halda fram med spesialtrana hundar og med miniubåt.