Søkjer etter toppsjef i vest

Sogn og Fjordane og Hordaland søkjer no etter ny felles fylkesrådmann for det nye vestlandsfylket. Stillinga som fram til samanslåinga i 2020 får tilttelen prosjektleiar, blir den øveste administrative leiaren i det nye storfylket. Stillinga blir lagt til fylkeshuset i Bergen (biletet). Det er fellesnemnda med representantar frå begge fylka som vil stå for tilsetjinga.

Bygget til Hordaland fylkeskommune vart bygd i 1972
Foto: Sølve Rydland / NRK