NRK Meny
Normal

Sogndal vurderer midtstopparar

Den færøyiske landslagsstopparen Pól Jóhannus Justinussen (24) er ein av fleire spelarar Sogndal Fotball vurderer å hente inn.

Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo

VURDERER: Hovudtrenar Jonas Olsson, assistenttrenar Terje Skjeldestad og spelarutviklar Håvard Flo har førebels ikkje bestemt seg for om det kjem ein ny midtstoppar til Fosshaugane før overgangsvindauget stengjer 31. august.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Pól Jóhannus Justinussen har denne veka vore på prøvespel i Sogndal, og har ifølgje spelarutviklar Håvard Flo gjort sine saker bra.

24-åringen reiser heim att laurdag, medan leiinga i Sogndal skal bruke dei neste dagane på å bestemme seg.

– Han har gjort ein okay figur. Han er ein fin gut, ein tøff spelar som er røff i duellane og har ein god venstrefot. Han har spelt på godt nivå, og vore involvert i ein del med landslaget. Han har ein del internasjonale kampar under beltet, seier Flo.

På landslaget

Justinussen har erfaring frå islandske Valur og spelte førre sesong for Aalborg BK i dansk superliga.

Den 190 centimeter høge midtstopparen er no attende på Færøyane der han spelar for NSÍ. Han har 11 kampar for U21-landslaget, og fem A-landskampar for Færøyane. Sist i treningskampen mot Island 15. august i år.

– No har han vore her eit par dagar og fått vist seg fram, så får vi sjå. Vi har fått signal om at klubben kan sleppe han, så dette er ein spelar vi vurderer opp mot dette overgangsvindauget, seier Flo.

Ventar på Valsvik

Flo seier dei truleg ikkje vil bestemme seg før i neste veke. Overgangsvindauget stengjer 31. august.

Spelarutviklaren seier dei konsentrerer spelarjakta om ein ny midtstoppar ettersom det framleis er uvisst om klubben kjem til semje med Gustav Valsvik om ei ny kontrakt.

– Vi har gjeve eit tilbod for ei tid sidan, men har ikkje høyrt noko attende, er Flo sin knappe kommentar på den situasjonen.

Nøgd med troppen

– Men vi jobbar med eit par andre alternativ, held Flo fram.

– Betyr dette at dersom det kjem nye fjes på Fosshaugane i dette overgangsvindauget, så vil det vere midtstopparar?

– Ingenting er konkret, med truleg så vil det vere det. Vi meiner elles at vi har ein bra besetning i troppen.

Når det gjeld spelarar på veg vekk frå Sogndal, tyder mykje på at Henrik Furebotn og keeper Kenneth Udjus er inne i sin siste sesong.

Flo seier at det per no ikkje er noko «konkret» nytt om nokon av spelarane Sogndal allereie har i stallen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå