Hopp til innhold

Sogndal tapte på La Manga

Sogndal avslutta fredag treningssamlinga på La Manga med 0-1-tap for divisjonskollega Fredrikstad.

Barry Kader

Barry Kader spelte heile kampen for Sogndal mot Fredrikstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Laurdag morgon reiser laget heim med to tap og ein uavgjort som fasit etter opphaldet på den spanske solkysten.

- Det var eit forferdeleg resultat, er sportsleg leiar Trond Fylling sin første kommentar etter 0-1-tapet for laget frå plankebyen.

- Byrjar å sitte

Kampens einaste scoring kom i det 38. minutt ved tidlegare Strømsgodset-spelar Mattias Andersson. Om det vart tap, er Fylling likevel nøgd med prestasjonane til Sogndal.

- Vi ser at det byrjar å sitte, både det eine og det andre. Spelet byrjar å likne veldig på det vi ynskje rå sjå. Vi køyrer over dei, spesielt i andre omgang, men slit litt i avslutningsfasen. Får håpe det byrjar å losne, seier sportsleg leiar Trond Fylling.

Lett baklengsmål

Sogndal produserte fleire gode angrep mot Fredrikstad, men anten var det ikkje god nok kvalitet over nest siste pasningen, eller avslutningen. I fredagens kamp utnytta Fredrikstad at Sogndal ved eitt høve stod høgt.

- Etter kampen mot Sarpsborg var spelarane lei seg for at dei ikkje fekk betalt. I dag har vi to omgangar der vi styrer det meste, og det er vi veldig nøgde med. Men så slepp vi inn eit veldig lett mål på eit gjennomløp, seier Fylling.

- Frisk og rask

Ivorianaren Barry Kader spelte heile kampen for Sogndal. No set han seg også på flyet til Norge, saman med sine «nye» lagkameratar. Venteleg blir Kader å sjå i sogndaltrøya kommande sesong.

- Det var gledeleg å sjå at han var både frisk og rask. Han var på høgde med dei beste, seier Fylling.

Bad om orsaking

Både spelarar, trenarar og leiarar har gått gjennom saka, og ynskjer ivorianaren velkomen attende. Kader har bede om orsaking for episoden der han reiste frå Sogndal i fjor .

- Det gjorde han også i fjor, men då var det gått så langt. Han hadde ei stygg sak i høve framferda, men det fekk han også betalt for sidan kontrakten vart avslutta, seier Fylling.

NB! Sogndal har to treningskampar att (Førde og Løv-Ham) før Ranheim kjem til serieopning på Fosshaugane 5. april.