Hopp til innhold

Olsson er nøgd, trass i 3-0-tap

Debutkampen for nyetrenaren til Sogndal, Jonas Olsson, vart ingen opptur. Sogndølene tapte 3–0 mot Haugesund i Vestlandsmeisterskapen. Men trenaren ser ikkje mørkt på det.

Sogndal-Haugesund

IKKJE HEILT DAGEN: Det ser ikkje ut til at Sogndal klarar å få heilt taket på Haugesund i sesongoppkøyringa i Vestlandshallen.

Foto: Jørgen Grønner

Av Jørgen Grøner

– Vi møtte eit betre lag, seier Olsson til NRK.no.

Den nye trenaren var ikkje berre skuffa etter 0–3 mot Haugesund.

Den nye Sogndal-trenaren Jonas Olsson fekk ingen drømmeopning som trenar mot Haugesund. Allereie før 10 minuttar var spelt, kom det første målet imot då Håvard Storbæk kom seg gjennom og overlista Kenneth Udjus i Sogndal-målet.

– Det er aldri kjekt å tape, men eg tykkjer det var mykje positivt her også. Det var berre synd vi fekk eit så tidleg mål mot oss, seier Olsson.

Var aldri på høgde

Kampen bølgja mykje fram og tilbake i førsteomgang, og Sogndal beit tidvis godt ifrå seg. Likevel var det Haugesund som hadde dei største sjansane, men fleire mål blei det ikkje for haugalendingane før pause.

– Eg synest vi startar kampen dårleg, men tidvis er det bra, seier Ruben Holsæter, som sjølv var nøgd med egen prestasjon.

– Eg tykte det gjekk fint. Det var godt å lykkast med ein kamp, sjølv om vi tapar, seier Holsæter.

Haugesund dominerte

Etter pause var det stort sett Haugesund det dreia seg om i Vestlandshallen. Etter 5 minuttar sette Nikola Djurdjic inn 2-0, og ti minutt seinare scora same mann igjen til 3–0. Kampen vart aldri spennande etter dette, og dei få moglegheitene Sogndal fekk, kom stort sett på dødball.

– Spelarane gjorde så godt dei kunne, og eg tykkjer den fysiske forma såg bra ut i høve føresetnadene. Dessverre møter vi berre eit betre lag i dag, seier Olsson.

Han meiner det som øydela kampen i dag var tekniske feil, men er ikkje bekymra for tida vidare.

– No fekk eg testa mange spelarar, og lært dei å kjenne i kampsituasjon. Ut frå føresetnadene tykkjer eg vi gjer ein bra kamp.

Trivst godt i Sogndal

Han trivst også godt i den nye jobben sin.

– Eg føler eg har blitt teke godt imot, og gler meg til sesongen vidare. Det er mykje å lære seg endå for ein ny trenar, seier han.

Holsæter har også fått eit bra inntrykk av den nye trenaren.

– Eg har absolutt ikkje noko negativt å seie om han, det verker veldig bra. Sesongen ser bra ut i år, trur eg.

Brann vann 6-4 mot Sandnes-Ulf etter straffekonkurranse. Det betyr at Sogndal møter Sandnes-Ulf i bronsefinale klokka 14 søndag, medan Haugesund møter Brann til toppdyst same dag klokka 16.30.