Av Arve Uglum og Kjell Arvid Stølen
Sjå årets mål i Sogndal
Rune Bolseth. Foto: SIL Fotball
Heimelaget tok leiinga etter 21 minutt etter ei skikkelg pangscoring av Rune Bolseth, som sette ballen i krysset frå 25 meters hald. Pasninga fekk han frå Mathias Eikenes, som og var servitør då Kristian Ystaas la på til 2-0 på overtid.
Sjuandeplass
Med det har Sogndal 38 poeng og ligg på sjuandeplass på tabellen.
Breidvik greip sjansen
Ein unggut, Mathias Eikenes, var altså sentral ved dei to måla. Ein annan av dei som lenge har vore omtala som talent gjorde og ein god kamp. Alexander Breidvik greip sjansen då han i helga omsider fekk spele frå start for Sogndal. Talentet frå Askvoll har slite med å få tillit frå både Trond Fylling og Jan Halvor Halvorsen. Men i gårsdagens 2-0-siger var Breidvik solid for andre gong på rad i Sogndal sin startellevar. - Eg er kjempenøgd med at eg har fått starte i to kampar no. Eg føler sjølv at det har gått bra, iallfall i starten av kampane, eg har kanskje ikkje den aller beste kondisjonen akkurat no, slik at eg blir litt sliten utover i kampane. Men eg håpar å få starte i dei to seriekampane som er igjen også, seier Alexander Breidvik.
- Har vore tolmodig
Han vart karakterisert som eit supertalent i 16-årsalderen, men den store framgangen har lete vente på seg. Det har blitt mykje 3. divisjonsfotball for Sogndal 2, og som 19-åring kjende han at det tok til å haste å få spele på eit høgare nivå. - Men eg har vore tolmodig og har trent godt, og det viser seg at det gir resultat det og, ein må aldri gi opp, seier Alexander Breidvik.
Avisoppslag med krav om speletid
Sist laurdag gjorde Breidvik noko såpass usogndalsk som å gå ut i Sogn Avis og seie at han fortente meir speletid. Sjølv om han har fått starte i to kampar etter at det stod på trykk, hevdar han at avisoppslaget ikkje har noko med det å gjere. - Akkurat det oppslaget trur eg journalisten laga utan at vi sa noko særleg, seier han.
Kondisjonen må opp
No set han av vinteren til å kome opp på eit fysisk nivå som gjer at han kan avslutte kampane neste år like godt som han har starta dei to siste.