Hopp til innhold

Sogndal og Jølster toppar førebels Klassequizen

Med ti poeng er både Kvåle skule i Sogndal og Vassenden skule i Jølster dei to beste laga frå fylket i Klassequizen så langt.

Kvåle skule

JUBLAR: Sogndølane f.v. Eirik G. Svedal, Henrik Navarsete og Solveig Storegjerde Sætre frå Kvåle skule var godt nøgde med dagens innsats.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det var bra, men det kunne vore betre, seier Henrik Navarsete.

Saman med Eirik G. Svedal og Solveig Storegjerde Sætre representerte han Kvåle skule under dagens runde.

Klassequizen er ein landsomfattande konkurranse der kvart fylke har sine innleiande rundar. Dei beste laga frå dei innleiande rundane går vidare til lokale finalar. Til slutt møtest dei lokale vinnarane i nasjonal finale på TV i mai 2013.

Bomma på Hydro

Dei tre ungdommane frå Kvåle skule gjorde ein god innsats, men bomma på spørsmåla om kva konsern som har logo som er basert på seglet på eit vikingskip, samt kva stad av Høyanger, Skei eller Sandane som ligg lengst aust.

– Vi er bra nøgde, men vi burde hatt 11 poeng, seier Eirik G. Svedal.

– Kvifor klarte de ikkje svare rett på kva stad som ligg lengst aust av Høyanger, Skei eller Sandane?

– Det var litt vanskeleg når vi hadde så dårleg tid, vi klarte ikkje heilt sjå for oss kor plassane låg, seier Solveig Storegjerde Sætre.

– Det verste å svare på var spørsmålet om Hydro. Det hadde vi ikkje peiling på. Men det siste spørsmålet burde vi nok klart, seier Svedal.

Deler med Vassenden

Dermed hamna dei på delt førsteplass medVassenden skule her i fylket, og i landet elles er dei dermed på ein førebels andreplass.

– Det er brukbart, men vi burde ha leia åleine, seier Navarsete, som gjerne hadde sett jølstringane poenget bak.

Heile 27 skular i fylket konkurrerer om å gå vidare til den nasjonale finalen i Klassequizen som skal arrangerast i Oslo.

Først med full pott i ein kategori

Jølstringane Martin André Koskinen Hjelle, Signe Bjotveit og Omar Båfjord Ismaili vart med sine fire rette svar i første kategori i dag tidleg det første laget i Sogn og Fjordane med alle rette i ein kategori.

Dei låg også lenge an til å bli første laget i Norge med full pott på alle dei 12 spørsmåla. Men i siste kategori vart det to bomsvar på jølsterlaget.

På førehand hadde laget i Astrup sitt rike signalisert at dei ikkje var veldig interesserte i kunstspørsmål. Og det var til slutt nettopp kulturspørsmål og geografi som øydela sigersrekkja.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vassenden skule

BOMMA PÅ SIVLE: Laget frå Vassenden skule, f.v. Martin André Koskinen Hjelle, Signe Bjortveit og Omar Båfjord Ismaili.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kunna ha leia i heile landet

At Per Sivle hadde skrive «Den fyrste song eg høyra fekk», hadde dei ikkje inne.

– Eg er bra nøgd. Vi tok ti av tolv moglege poeng, og det er ganske bra, seier Signe Bjotveit.

– Hadde de teke to poeng til, hadde de leia Klassequizen i heile landet. Kva tenkjer du om det?

– Det er heilt greitt det. Så får vi sjå om vi kjem vidare, seier Omar Båfjord Ismaili.

– Eg tykte det var bra. Eg hadde ikkje trudd vi hadde klart 10 poeng, men det var greie spørsmål, seier Martin André Koskinen Hjelle.

– Vi burde visst både Per Sivle og Calcutta, seier Hjelle.

Desse spørsmåla fekk Kvåle skule:

1. Kva kallar vi ein som jobbar med å lage og pynte kaker? (konditor)
2. Ein hekto smågodt kostar 11,90 kr. Kor mykje kostar to kilo? (238 kroner)
3. Kva ordklasse høyrer til ordet søt? (adjektiv)
4. Dette firmaet høyrer heime i Sogn og marknadsfører seg mellom anna gjennom at dei nyttar lite sukker. Kven snakkar vi om? (Lerum)
5. Kva bilmerke har ein steilande hest som symbol, Porche, Ferrari eller Lamborgini? (Ferrari)
6. Eit frimerke kostar 9,50 kroner. Kor mange frimerke får du for 200 kroner? (21)
7. Kva for eit køyretøy har klesmerket Moods of Norway i sin logo? (traktor)
8. Eit stort industrikonsern med avdelingar i Sogn har ein logo basert på seglet på eit vikingskip. Kva heiter konsernet? (Hydro)
9. Frå kva for ein verdsdel kjem Nan-brødet? (Asia)
10. Estland er ein av tre baltiske statar. Kva heiter dei tre andre? (Latvia og Litauen)
11. Kva fargar har det polske flagget? (raudt og kvitt)
12. Kva for ein av desse stadene ligg lengst aust, Høyanger, Skei eller Sandane? (Skei)

Desse spørsmåla fekk Vassenden skule:

1. Kva er verdas nest største hav? (Atlanterhavet)
2. Kva heiter den største hamnebyen i Europa; Rotterdam, Genova eller København? (Rotterdam)
3. Kva for ein av desse fiskane lever ikkje i saltvatn, sik, hyse eller lange? (sik)
4. Norway Pelagic er ei fiskebedrift med avdeling i Vågsøy, kva slags fiskesortar tek dei i mot, torsk, sei eller sild og makrell? (sild og makrell)
5. Kor mange typar ost er det på ein pizza Quatri Formaggi? (fire)
6. Kva fargar er det i det italienske flagget? (raudt, grønt og kvitt)
7. På kva italiensk øy er Palermo den største byen? (Sicilia)
8. Kva heiter den italienske fotballklubben som Tore André Flo har spelt for, Sienna, Genova eller Sampdoria? (Sienna)
9. Musikalen Mamma Mia nyttar musikk frå ei kjend gruppe, kva for ei? (Abba)
10. Mor Teresa arbeidde blant fattige barn i Calcutta. I kva land er det? (India)
11. Kva heiter mora til fotballspelaren John Arne Riise, Berit, Bente eller Birgit? (Berit)
12. Han er kjent mellom anna for songen «Den fyrste song eg høyra fekk», kva heiter han? (Per Sivle.