Hopp til innhold

Dei er klare for Klassequizen

Måndag 12. november går startskotet for den store kunnskapstevlinga Klassequizen på radio. Våge skule i Fjaler er først ute.

Klassequizen, laget til Våge skule

Laget til Våge skule: Frå venstre Endre Vesterås, Eirik Baug Barsnes og Vemund Holstad.

Foto: Solveig Nitter

Endre Vesterås, Vemund Holstad og Eirik Baug Barsnes er tekne ut til å representere Våge skule, og som laga frå dei 26 andre skulane i Sogn og Fjordane er dei spente på dei 12 spørsmåla dei får.

– Vi gruar oss litt for å vere på lufta og er redde for at det blir vanskelege spørsmål. Vi håpar på mange spørsmål om sport.

På Våge skule var det mange som ville vere med på laget. Det var loddtrekking som avgjorde at Endre, Vemund og Eirik skal representere skulen. Dei skal svare på spørsmål i tre kategoriar, fire spørsmål i kvar kategori, av desse blir eitt av spørsmåla av lokal karakter.

(Artikkelen held fram under biletet).

Våge skule i Fjaler

FØRST UTE: Våge skule ligg i ytre del av Fjaler kommune.

Foto: Ottar Starheim / NRK

27 av 46 skular tok utfordringa

Klassequizen er ei kunnskapstevling for 10. klasse og har i to år vore arrangert av NRK Sørlandet. Der har det blitt svært populært. No kjem heile landet med. I Sogn og Fjordane vart alle dei 46 ungdomsskulane inviterte til å melde seg på.

(Artikkelen held fram under biletet).

Q-film 2011 - Erlend Blaalid Oldeide

SKAL STILLE SPØRSMÅLA: Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Sondre Dalaker/NRK

Og godt over halvparten av skulane tok utfordringa. Frå 12. november og fram til 30. januar skal Erlend Blaalid Oldeide reise på kryss og tvers og stille til saman 324 spørsmål til elevar frå 27 skular.

Han er på plass i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane kvar måndag og onsdag mellom klokka 8.30 og 9.00. Etter å ha stilt spørsmål og fått svar på direkten dreg han vidare til ein annan skule og stiller spørsmål og får svar. Dette blir gjort i opptak, som så blir sendt i ettermiddagssendinga, rundt klokka 15.15.

– Eg gler meg stort

Og Erlend er kanskje like spent som dei 81 elevane som skal svare på spørsmåla hans.

– Eg gler meg stort til å få møte unge, kloke hovud i kvar krik og krok av fylket. Sogn og Fjordane har dei flinkaste elevane i landet, ifølgje ei rekke undersøkingar, no skal dei få bevise det på direktesendt radio.

Erlend er også spent på nabooppgjera.

– Kven er smartast i Sunnfjord? Vil måløyværingane slå seljeværingane? Er årdølene dei skarpaste i Sogn?


Erlend får det travelt, men heldigvis får han ein lang julepause, frå 5. desember til 14. januar.

5000 kr til fylkesvinnaren

Dei fire laga med høgast poengsum går til semifinalar og vinnarane av desse til fylkesfinale. Desse skal sendast frå Førde. Fylkesvinnaren får ein premie på 5000 kroner til klassekassa si, og dei får vere med i landsfinalen som blir send på NRK1 (TV) laurdag 4. mai 2013.

Solveig Hareide frå Florø skal vere programleiar i den halvannan time lange sendinga med 19 skarpskodde lag frå heile landet. Alle laga får reise til Oslo og hotellopphald betalt av NRK.

Det er stor skilnad på skulane. Feios skule har berre fire elevar i 10. klasse. På Førde ungdomsskule er det fire klassar på dette trinnet. På Våge skule som er først ute er det 11 elevar i 10. klasse og 60 til saman på skulen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Solveig Hareide

PROGRAMLEIAR PÅ TV: Solveig Hareide frå Florø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Her er terminlista til Klassequizen:

  • 12.11., morgonsendinga: Våge skule, Fjaler
  • 12.11., etterm: Askvoll skule, Askvoll
  • 14.11., morgon: Olden skule, Stryn
  • 14.11, etterm: Stryn ungdomsskule, Stryn
  • 19.11., morgon: Vassenden skule, Jølster
  • 19.11., etterm. Kvåle skule, Sogndal
  • 21.11., morgon: Farnes skule, Årdal
  • 21.11., etterm: Aurland barne- og ungdomsskule, Aurland
  • 26.11., morgon: Sande skule, Gaular
  • 26.11., etterm: Viksdalen skule, Gaular
  • 28.11., morgon: Byrknes skule, Gulen
  • 28.11., etterm: Dalsøyra skule, Gulen
  • 03.12., morgon: Høyanger skule, Høyanger
  • 03.12., etterm: Sagatun skule, Balestrand
  • 05.12., morgon: Feios skule, Vik
  • 05.12., etterm: Flatbygdi skule, Vik
  • 14.01., morgon: Førde ungdomsskule, Førde
  • 14.01., etterm: Halbrend skule, Førde
  • 16.01,. morgon: Naustdal barne- og ungdomsskule, Naustdal
  • 16.01., etterm: Hyen skule, Gloppen
  • 21.01., morgon: Bulandet skule, Askvoll
  • 23.01., morgon: Davik skule, Bremanger
  • 23.01., etterm: Eid ungdomsskule, Eid
  • 28.01., morgon: Lavik skule, Høyanger
  • 28.01., etterm: Eivindvik skule, Gulen
  • 30.01., morgon: Selje skule, Selje
  • 30.01., etterm: Vågsøy ungdomsskule, Vågsøy.
  • 18.02: Semifinale 1
  • 20.02: Semifinale 2
  • 21.02: Fylkesfinale
  • 11.05: Landsfinale på NRK1