Hopp til innhold

Sogndal må klare seg utan trio

Sogndal Fotball tek ingen sjanse med Henrik Furebotn. Årdølen står over dagens viktige eliteseriekamp mot Aalesund.

Sogndal seier

SKADDE: Både Ulrik Flo og Henrik Furebotn står over dagens møte med Aalesund. Det same gjer Taijo Teniste.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg/Scanpix / NTB scanpix

Tidlegare i veka kom meldinga om at midtbaneterrieren var klar til dyst etter strekkskaden.

Henrik Furebotn har medverka for fullt på trening denne veka, noko som kan ha medverka til at han på nytt kjende i skaden etter fredagstreninga.

– Kanskje belastninga har blitt for stor denne veka. Det er så surt og kaldt no at vi ikkje tek noko sjanse. Slår han opp att skaden blir han endå lengre ute, seier kiropraktor Andreas Foss i Sogndal Fotball.

– Dumt å risikere

Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo

DUMT: Trenarteamet til Sogndal håpa i det lengste å kunne nytte Henrik Furebotn.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

I tillegg til Furebotn, er også toppscorar Ulrik Flo og Taijo Teniste ute frå dagens tropp . Flo hinka av bana med smerter i ein hæl mot Viking, medan Teniste, som Furebotn, fekk strekk i heimesigeren over Lillestrøm.

– Det ville vere dumt å risikere noko med Henrik no. Med at han står over i dag, så håpar vi han er klar til neste helg. Men slik er det med strekkskadar, du kjenner deg okay og så guffer du på før du kjenner at muskelen ikkje er stor nok til å ta belastninga, seier spelarutviklar Håvard Flo.

Karadas på topp?

Flo seier dei har fleire alternative konstellasjonar, og førebels ikkje har heilt klart føre seg korleis dei skadde spelarane blir erstatta.

(Artikkelen held fram under avrøystinga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Men når det gjeld Henrik, så brukte vi Ruben på plassen ved sidan av Badji, og Ruben gjorde seg ikkje heilt vekk. Vi får sjå om det er det vi går for i dag også, seier han og legg til at det er uvisst om Azar Karadas blir kasta inn på topp som erstattar for Flo.

Kan få fem poeng

Resultata har bikka Sogndal sin veg i det siste, og med siger over Aalesund kan laget passere både Lillestrøm og Odd Grenland.

Kanskje viktigast av alt er luka på fem poeng som dei kan få til Sandnes Ulf på kvalifiseringsplass. I dag skil det tre poeng ned til Fredrikstad på nedrykksplass.

– Det er klart at vi kan sjå oppover og nedover på tabellen, men til sjuande og sist er det oss det handlar om, og kva vi presterer. Vi må gi gass og sikre oss desse poenga så tidleg som mogleg, seier han og ikkje heilt likar tanken på å gå inn i sesongavslutninga mot Brann som den avgjerande kampen.

Avgjere tidleg

– Vi skulle gjerne unngått ein så viktig kamp og vestlandsderby mot Brann her oppe. Sjølv om eg trur at vår gode nabo i vest også har lyst til at vi skal vere der vi er, legg Flo til.

Først ut er uansett Aalesund på Fosshaugane søndag. Eit lag Sogndal ikkje har den beste statistikken mot. Sidan 1993 har Sogndal berre vunne eitt av åtte innbyrdes oppgjer på Fosshaugane.

– På generelt grunnlag har vi eigentleg ikkje den beste statistikken mot Aalesund, men eg trur vi skal gi dei kamp til døra. Det er eit bra lag og vi må prestere opp mot vårt beste, seier Flo.

Passe på Barrantes

Aalesund har ikkje vore inne i sin beste periode, men har Aalesund ein potensiell matchvinnar i playmaker Michael Barrantes. Den skotsterke costaricanaren noterte seg for to scoringar då Vålerenga vart slått 3–1 sist helg.

– Barrantes er ein å halde ague med, stadfestar Flo og trur på ein tett kamp mot laget frå ålebyen.

Gode minne frå Sogndal

AaFK

KLAR: Peter Orry Larsen (i midten).

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Ein som definitivt gler seg til Fosshaugane-retur, er nordfjordingen Peter Orry Larsen. 23-åringen har vore ein del inn og ut av laget denne sesongen, men starta mot Vålerenga sist.

Han var ikkje med då Sogndal tok sin einaste siger mot dei blåoransje i 1996, og har mange gode minne frå Fosshaugane. Aalesund har to sigrar på Fosshaugane.

Fotballspelarar vil alltid spele kampane, men 23-åringen vedår at Sogndal-kampane er litt spesielle.

– Eg har vore her før og vunne. Mellom anna ein kvalifiseringskamp for nokre år sidan. Sidan har vi hatt gode prestasjonar her, seier han.

Vil veldig gjerne spele

– I mine yngre år, så var eg jo mykje i Sogndal og eg har kompisar både i bygda og på tribunen. Det kjem kanskje litt kjentfolk på tribunen, så det er klart at dette er ein kamp eg har lyst til å vise meg fram i, held Orry Larsen fram.

Han seier sigeren mot Vålerenga var etterlengta. Som Flo trur nordfjordingen på ein jamn kamp, der gjestene vil få utfordringar med dødballar.

– Sogndal er eit løpssterkt og fysisk sterkt lag, som gjer det vanskeleg for motstandaren. Det blir ein tøff kamp. Eg trur sjansen er 50/50, men vi går for siger. Det viktigaste for oss blir å stå imot kontringane og unngå tidleg mål, seier han.