Berre Alta har sleppt inn fleire mål enn SIL i 1.divisjon.
Det er åtte poeng opp til direkte opprykk, seks til Bryne på kvalikplass.
Klasseskilnad
Sogndal låg under 3-0 alt etter ein halvtime mot Stabæk. Det var klasseskildnad på dei to laga som før seriestart var dei to opprykksfavorittane. Personlege feil i forsvaret gjorde at Stabæk kom lett til 3-0-leiinga si.
Håvard Flo skåra igjen, men poeng vart det ikkje. Arkivfoto NRK
Flo-mål til lite nytte
Skåringar av Håvard Flo og Kim Rune Hellesund pynta på resultatet. Men det hjelpte lite at Flo sette inn sitt føste mål sidan i fjor sommar.
Tre poeng frå nedrykk
Laget ligg no på femteplass på tabellen. Men det er berre tre poeng ned til fjerde siste plass. Det er nedrykksplassen!!