Hopp til innhold

Patronen og Holsæther ute med karantene

Når Sogndal møter Lillestrøm på Fosshaugane campus i morgon, har dei to menn i karantene. Det opnar dørene for andre spelarar på laget.

Ruben Holsæther og Hannu Patronen

KARANTENE: Både Ruben Holsæther (til venstre) og Hannu Patronen er ute med karantene.

Foto: Christian Blom

Både Ruben Holsæther og Hannu Patronen har samla opp tre gule kort. Dermed må begge stå over kampen mot Lillestrøm i morgon.

Assistenttrenar for Sogndal, Tom Mangersnes, ser på det som ein moglegheit til å la andre spelarar få sjansen.

– Vi har ein stor og god tropp etter kvart, og det er mykje konkurranse om plassane. Det at nokon får karantene, det er ein del av spelet, men samstundes gir det oss i trenarteamet moglegheit til å sleppe til folk som fortener det, og der har vi fleire, seier han.

Trur på jamn kamp

Tom Mangersnes

BLIR TETT: Assistenttrenar Tom Mangersnes trur på ein tett kamp med mykje dødballar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mangersnes trur det vert ein jamn fotballkamp med tanke på historikken mellom Sogndal og Lillestrøm.

– Lillestrøm avgjorde eit minutt på overtid i sin heimekamp i fjor, og vi avgjorde tre minutt på overtid i vår heimekamp, og i vår var det litt som engelskmennene kallar det «game of two halfs», der Sogndal leia 2–0 til pause, og det var 2–2 i andre omgang med ein litt kontroversiell avslutning, seier assistenttrenaren.

– Det har vore veldig tette og jamne kampar og mykje dødballar og sånt i kampbiletet i dei kampane der. Eg ser fort føre meg at det kan bli ein liknande kamp i morgon.

Andre får sjansen

Av aktuelle spelarar som kan erstatte Patronen og Holsæther trekkjer Mangersnes fram Magnus Stamnestrø, som han meiner har vore god, sjølv om han ikkje har spelt så mykje. I tillegg nemner han Bjørn Inge Utvik og Espen Næss Lund.

– Det er litt av det Sogndal skal vere, at vi finn nye som får lov til å gå inn og ta opp arven etter andre, meir etablerte når dei forsvinn ut, seier Mangersnes.

Tidlegare denne veka sa U21-landslagstrenar Tor Ole Skullerud at Sogndal har vore eit flaggskip på dette med å få fram unge, lokale spelarar. Såleis trur ikkje Mangersnes at dei ligg dårlegare an i morgon fordi dei har to spelarar med karantene.

– Kvar kamp lever sitt eige liv. Vi har vore førebudd i to veker sidan Brann-kampen på at både Ruben og Hannu er ute. Og i kampen før der heime mot Viking spelte vi ein av våre beste kampar, og det når Azar var ute med sjukdom. Så vi har fått ein god og brei tropp med mykje konkurranse etter kvart og då må vi vere budd på å bruke heile troppen, seier han.