Støtta frå familien avgjerande for at suksesstrenaren har skrive ny kontrakt

Med klubbleiinga og ikkje minst med full støtte frå familien, har Jonas Olsson no skrive ny kontrakt med Sogndal fotball. Suksesstrenaren blir i klubben i alle fall ut 2014.

Olsson

FORLENGAR: Jonas Olsson kom til Sogndal frå IFK Gøteborg.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Det har lenge vore knytt spenning til om Olsson ville forlenge med Sogndal. I dag melder klubben på sine nettsider at svensken forlengar kontrakten med eitt år.

Den opprinnelege kontrakten gjekk ut ved sesongslutt og nyleg sa Olsson til NRK.no at han ikkje hadde fatta noko avgjersle på om han skulle halde fram.

Støtte frå familien

Men i dag kom nyheita om at Jonas Olsson blir med vidare på Sogndal-laget. Ei avgjersle han har fatta saman med kona og barna som har vore med på flyttelasset til fotballbygda i Sogn.

– Om dei hadde sagt noko anna, så hadde eg jo vore nøydd til å ta stilling til det. Men dei har heile vegen støtta meg i denne avgjerda. Uten den støtta hadde det vore vanskeleg å seie ja. Men no ser vi fram mot dei komande månadane og 2014, seier Olsson til NRK.no.

Inspirerande å gå på jobb

Han forsikrar at han stortrivst som Sogndal sin hovudtrenar, ikkje minst fordi han er ein del av eit miljø med det han kallar dyktige leiarar og fotballspelarar som vil noko med fotballen sin.

– Det er klart at resultata blir vurderte, men samtidig er Sogndal ein klubb som brukar mykje kraft og tid på å utvikle spelarar. Det er ikkje den lettaste kombinasjonen, men samtidig er det inspirerande å gå til jobben kvar dag. Vi har spelarar som vil noko med fotballen, og det tykkjer eg er ein grunnføresetnad for det vi held på med her, sler Olsson fast.

– Jobbar knallhardt

– Å få fortsetje å jobba tett saman med menneskjer som på ulike vis jobbar knallhardt kvar dag for å bidra til klubbens utvikling er veldig motiverande for meg, seier trenaren til netttsida.

Også klubbleiar Egil Mundal er særs nøgd på klubben sine vegne.

– I klubbfundamentet til Sogndal Fotball har Jonas og trenarteamet allereie laga tydlege spor gjennom sin profesjonalitet og fokus. Vi har ein hovudtrenar som underbygger vår visjon og våre grunnverdiar på ein svært god måte, difor er dette ein flott dag for alle som er glade i Sogndal Fotball, seier Mundal.

Trivst godt med spelargruppa

Med Olsson ved trenarroret er Sogndal nummer sju i Eliteserien, og har førebels trygg grunn til laga bak på tabellen som kjempar for ny kontrakt.

– Vi har jo ein spennande haust framfor oss no, og ikkje minst eit spennande 2014, så eg er veldig glad for at avgjerda no er fatta. Eg trivst veldig godt med spelargruppa også.

– Kjennes veldig bra

NRK veit at Sogndal fotball lenge har ønska ein ny kontrakt med Olsson, og med dei resultata Olsson har synt, så har klubbleiinga vore viljug til å strekkje seg langt for å få signaturen frå Olsson til ein ny eittårskontrakt.

– Vi har ført ein dialog ganske lenge, og det handla vel meir om når eg skulle bestemme meg. No har vi gjort det, og det kjennes veldig bra, seier Jonas Olsson.

Fotballnyheter