NRK Meny
Normal

Sogn Avis: No veit dei brannårsaka

Kriminalteknikarane har konkludert etter å ha gjort undersøkingar i Stedjetunet.

Stedjetunet i Sogndal

BRANN: Stedjetunet i Sogndal vart totalskadd i brann.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Om kvelden sundag 3. desember tok det til å brenne i historiske Stedjetunet i Sogndal sentrum.

Kriminalteknikarane har konkludert med at brannårsaka er at ei plate på ein komfyr i bygget har stått på, og så har det teke fyr i noko i nærleiken av plata, seier lensmann Inger Lill Lanes til Sogn Avis.

Komfyren stod på kjøkenet på kyrkjekontoret.

Barnehage og kontor

Stedjetunet vart bygt tidleg på 1900-talet og husa før brannen ein barnehage og fleire kontor. Stedjetunet, som eig bygget, er informert om årsaka til brannen. Lanes seier til avisa at brannen skuldast eit uhell.

– Vi har funne at dette ikkje er noko medviten handling, men uheldige omstende, understrekar Lanes og legg til at ingen har oppdaga at plata stod på før det var for seint.