Hopp til innhold

Slik lagar snøveret trøbbel for bygningsbransjen

Snø og skikkeleg vintervêr lagar utfordringar for dei som byggjer hus, og for husbyggjarar kan rekninga fort bli høg. Difor kan det vere lurt å tenkje gjennom når ein set i gang med husbygging.

Roy Egil Nitter mokar snø før han kan ta til med arbeidet

LITT LEI: - Det er i grunnen nok snø no, seier Roy Egil Nitter, som må ta mange spadetak før han kan ta til med sitt eigentlege arbeid som snikkar.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

– Her har eg måtte spa vekk mykje snø og hakka is før eg kunne komme til. Det er ei god oppvarming, ler Roy Egil Nitter.

Tømraren startar ofte arbeidsdagen med å bli kvitt snø og is. Bygningsarbeidarane er blant dei som verkeleg har fått merke vinteren på kroppen.

– Det kan godt slutte å snø etter kvart, seier blekkslagar Jon Kjartan Evebø, som monterer takrenner på det nye omsorgssenteret på Skei.

Jobben blir mykje tyngre

Ove Holsen i entreprenørverksemda Åsen & Øvrelid er leiar for prosjektet, som skal vera ferdig til hausten, trass i vêret.

Han fortel at dei ofte må ha fem-seks mann som bruke opp til tre tima på å moke snø om morgonen etter snøfall.

Ove Holsen fortel at vind også er eit problem

ARBEIDSKREVJANDE: Ove Holsen i Åsen & Øvrelid seier det går mykje ekstra tid med på å moke snø.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

– Det er tyngre å jobbe ute når ein må moke både stillas, tak og anna kvar einaste morgon, seier Holsen.

Heller ikkje vind er av det gode når ein byggjer hus.

– Vi har hatt ein del dagar med mykje vind, og då har vi ikkje kunne brukt krana. Det har rett og slett vore for farleg, seier Holsen.

Blir fort mykje dyrare

I tillegg til meirarbeidet, gir vintervêret også auka kostnadar. Det fører i mange tilfelle til høgare pris for kunden.

– Viss du byggjer om vinteren, vert det mest truleg dyrt for deg, seier Nitter.

Nisjeaktørar, som til dømes taktekkarar, er blant dei som ofte har eit eige vintertillegg.

Andre gonger er det entreprenøren sjølv som tek kostnaden. Store verksemder som Åsen & Øvrelid har ofte mange jern i elden, og kan flytta seg inn dersom det er dårleg vêr ute.

– No er det snø ute, så då har vi heller full drift inne seier Holsen.

Vil helst vere inne om vinteren

Sidan det er utfordrande å arbeida ute om vinteren, er det ein god idé å byggja utvendig om sommaren og heller driva med innreiing om vinteren.

– Ein prøver så godt ein kan å få opp hus på den delen av året når det ikkje er snø, og så heller innreie om vinteren, seier Nitter.

Men driv ein med mykje utvendig arbeid, er det ikkje alltid mogleg å berre reise hus om sommaren.

– Sommaren er sjølvsagt best, men vi kan ikkje bli permitterte i eit halvt år berre på grunn av årstidene, seier forskalingssnikkar Ingolf Reiakvam i Naustdal.