Hopp til innhold

Snøtomme skianlegg tyr til kunstsnø

I skianlegg med snøkanonar jobbar dei døgnet rundt for å produsere snø til dei mange som gler seg til skisesongen.

Jølster Skisenter

KONTRASTAR: I skianlegget på Jølster håpar dei å kunne opne innan kort tid, men treng framleis litt hjelp frå naturen.

Foto: Elise Kvien / NRK

– Det ser veldig bra ut. Ti kuldegrader, godt trykk på vatnet og vindstille. Det kan ikkje bli betre, seier Runar Tørvi, dagleg leiar ved Sogn skisenter.

Han nærmar seg slutten av skiftet sitt ein tidleg morgon. Tørvi jobbar på spreng for å bli klar til sesongen startar. Den er ikkje langt unna, men han er optimist – og heilt avhengig av hjelp når snøen ikkje fell på naturleg vis.

– Når sesongen strekk seg nesten til mai så er det veldig viktig å ha ein god sole, seier han.

Solen han siktar til er kunstsnøen som blir pumpa ut over bakkane. Den legg grunnlaget for heile vinteren, og er mykje av grunnen til at mange skianlegg no kan operere med snøgaranti. Ovanpå solen kjem forhåpentlegvis naturleg snø, men den har late vente på seg i år.

Naturen må spele på lag

– Utan kunstsnøen trur eg ikkje det hadde vore skianlegg her. No toler vi mildperiodane som kjem i løpet av sesongen, seier Vidar Taklo som jobbar med kunstsnøproduksjonen på Jølster Skisenter.

Taklo meiner dei kan opne på eit par dagars varsel, men dagleg leiar ved senteret treng støtte som han ikkje rår over.

– Vi er nøydde til å få hjelp frå naturen si side òg dersom me skal kunne opne heile anlegget, seier Even Hole.

I skibakkar over heile landet går snøkanonane for fullt. Anlegga som opnar heisane for sesongen kjem på løpande band i dagane og vekene framover. Om lag fire av fem skianlegg i Noreg har snøkanonar.

Vidar Taklo, dugnadsarbeidar Jølster Skisenter

PUMPAR UT SNØ: Vidar Taklo jobbar på spreng med å gjere klart for skisesongen i Jølster Skisenter. Kunstsnøen legg grunnen for heile sesongen.

Foto: Elise Kvien / NRK

Sesongen startar for fullt

På Beitostølen og Kvitfjell har anlegga vore opne frå tidleg i november, men elles er helga som no kjem då mange av skianlegga opnar:

  • Beitostølen: Ope i helgene sidan 3. november
  • Bjorli Skisenter: Ope sidan 3. november
  • Gausta Skisenter: 1. desember
  • Gautefall Skisenter: 1. desember
  • Gålå Alpin: 1. desember
  • Hafjell Alpinsenter: 1. desember
  • Haukelifjell Skisenter: 29. november
  • Hovden Alpinsenter: 1. desember
  • Kvitfjell: Ope no, og i helga opnar nye 6,4 kilometer med løyper
  • Kongsberg Skisenter: 1. desember
  • Nesfjellet Alpin: 24. november
  • Norefjell: 30. november
  • Oslo Vinterpark (Tryvann): 1. desember
  • Sjusjøen: 1. desember
  • Skeikampen: Ope sidan 17. november
  • SkiGeilo: 30. november
  • Skistar Hemsedal: 30. november
  • Skistar Trysil: 30. november
  • Tyin Filefjell: 1. desember
  • Uvdal skisenter: 1. desember
  • Valdres Alpinsenter: Ope sidan 4. november
  • Varingskollen: 29. november
  • Vrådal Panorama: 1. desember
  • Ål skisenter: Delvis ope no, resten opnar til helga