20. november 2016. Det er premieredatoen for første program i femtande sesong av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Programleiar Arve Uglum og fotograf Torje Bjellaas i NRK Sogn og Fjordane tok over stafettpinnen for den tradisjonsrike NRK-serien i fjor.
No gler dei seg til å vise fram nye program.
– Det blir seks program frå heile Norge. Frå Tanafjorden i nord til skogsheiene utanfor Kristiansand i sør. Vi besøker ulike folk som lever for seg sjølve og som klarar seg sjølve. Dei har valt andre ting i liva sine, enn dei fleste andre av oss, fortel dei to.
– Ikkje mange program som har levd lenger
Programskaparane i NRK Sogn og Fjordane fekk store sko å fylle då dei hausten for to år sidan tok over konseptet til etter Oddgeir Bruaset. Romsdalingen hadde med 13 sesongar som programleiar for NRK-serien, blitt ein kjent skikkelse for mange.
- Les også:
Men også fjorårssesongen vart ein suksess, og vart blant anna premiert med
. På sosiale medium har det synt att at episodane har fenga, og det er heilt tydeleg at folk framleis er fascinerte over folk som lever annleis enn dei fleste andre.– Dette blir den femtande sesongen, og det er ein æve på norsk fjernsyn. Det er ikkje mange program som har levd lenger, seier programleiar Arve Uglum.
Leitar etter svara på dei store spørsmåla
Også i årets sesong får du møte menneske som lever i ulike gradar av isolasjon frå omverda, utan bilveg og naboar vegg i vegg. For å klare å bu slik må dei velje vekk mykje, men det finst alltid ei forklaring på kvifor.
– Alt balet og slitet, det er jo det folk ser. Men vår jobb er å finne det som ligg bak. Kva er det som motiverer folk til å leve slik og kva får dei att for å leve på denne måten, seier programskaparane engasjert.
– Dei lever liv som er ei utfordring i seg sjølv, og det er fascinerande å sjå at dei vil ha det slik.