Hopp til innhold

Snart kan du handla mjølk og brød med mobiltelefonen

Coop Norge lanserer i haust ein mobilapp som gjer at du slepp å stå i kø når du skal betale for varene du har handla i butikken. Men eldre som NRK.no har vore i kontakt med vil halda fram med å gå i kassa.

Coop Skann og Betal

SJØLVBETJENT: I løpet av hausten vil det verta mogleg å handla matvarar på denne måten.

Foto: Pressefoto / Coop

– Dette høyrest ut som noko svære greier. Men det er no det som er "in" i tida, ler eit pensjonistpar i 80-åra frå Kyrkjebø, som har lagt handleturen til Førde for dagen.

Med applikasjonen kan ein ved hjelp av kameraet på mobiltelefonen sjølv registrera varene som vert lagt i handlevogna. Oversikt over kva det kostar vert oppdatert undervegs. Men når du er klar til å betala, slepp du å gå til kassa for å stille deg i kø.

For med enkle tastetrykk betalar du for varene dine med mobiltelefonen og du får ein kode som du skannar ved utgangen. Er betalinga godkjent, opnar portane seg og du kan forlata butikken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Coop Skann og Betal

SKANN OG BETAL: Kameraet på telefonen fangar opp strekkoden til vara, og totalbeløpet vert trekt frå bankkortet kunden registrerar hjå Coop.

Foto: Pressefoto / Coop

Stolar på kundane

Ørjan Alme, daglegvaresjef Coop Extra

SUPPLEMENT: - Dette vert eit supplement, så kassane forsvinn ikkje, fortel Ørjan Alme

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Men kva med dei som fuskar og triksar då? undrar pensjonistparet frå Kyrkjebø.

For her kan det vera opent for triksing. Til dømes ved å ta med seg 4 kartongar mjølk ut av butikken, men berre registrera 3 av dei.

– Eg trur folk er ærlege og tek med seg det dei har registrert. Ikkje noko meir. Det svinnet vi allereie har i butikken i dag, det trur eg ikkje vil auke, kommenterer daglegvaresjef på Coop Extra Førde, Ørjan Alme.

Han seier det vil verta tilsyn på veg ut av butikken, og at dei kan ta stikkprøvar. Men i utgangspunktet vel han å stola på kundane sine.

Sparar mykje tid

– Den aller største fordelen er kanskje at du slepp å stå i kø i kassa. Det sparar ein mykje tid på, seier John Moltubakk, e-kanalansvarleg i Coop Norge, i ei pressemelding.

– Å, me har no god tid. Me har ikkje slik mobil og me likar no å gå i kassa. Men kanskje blir det kortare kø, for det er nok mange som kjem til å ta i bruk dette, meiner pensjonistparet før dei forlet butikken på vanleg vis.

– Det blir vel ikkje den eldre garde som tar i bruk dette fyrst, meiner Alme og forklarar at betalingsløysinga vert eit supplement til den vanlege måten å gjera opp for seg på.