Hopp til innhold

«No er eg berre stolt og opprømt»

– Det har vore eit veldig krevjande arbeid. No er eg berre stolt og opprømt over at det er mitt arbeid, gliser Charlotte May Rintler.

Den engelske kunstnaren Charlotte Rintler har reist rundt og måla akvarell av 12 DNT-hytter. I vind, regn og sol har ho laga eit bilete for kvar månad i året til ein kalender. No har ho utstilling i Askvoll og drar så til Oslo. Ho skriv personlege invitasjonar og har til og med invitert den britiske ambassaden.

SJÅ: Charlotte May Rintler har laga kalender av dei 12 DNT-hyttene ho måla i fjor.

Briten trassa bitande kulde, store snømengd og kraftig vind. No er kalenderen med 12 DNT-hytter klappa og klar.

Og no skal det krevjande arbeidet også stillast ut for eit større publikum i Askvoll, på Lambertseter og i Førde.

– Men det var betre å sitje ute og måle, enn å skrive invitasjonane, humrar Charlotte May Rintler.

Bitande vind og maur

NRK var i fjor med då Rintler skulle gjere kunstverk av DNT-hytta på Fondsbu. Kvikksølvet på gradestokken var nede på ti blå grader.

– Ute i naturen finn du roa. Det er roleg, og du får konsentrere deg om å måle. Det er nydeleg og ein av dei beste tinga. Eg likte det, seier ho og blar gjennom den ferdige kalenderen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Den engelske kunstnaren Charlotte Rintler har reist rundt og måla akvarell av 12 DNT-hytter. I vind, regn og sol har ho laga eit bilete for kvar månad i året til ein kalender. No har ho utstilling i Askvoll og drar så til Oslo. Ho skriv personlege invitasjonar og har til og med invitert den britiske ambassaden.

SJÅ: Slik vart den endelege kalenderen.

– Men det var til tider smertefullt og av og til lurte eg eigentleg på kva eg tvang meg sjølv til å gjere, humrar ho og fortel om både bitande nordavind og maur.

– Nordavinden var verst

– Nordavinden var verst, legg ho til og fortel om både måling og penslar som fraus til is på det kaldaste. Også ansikt og fingrar fekk gjennomgå. Men alt dette er gløymt no som 300–400 invitasjonar er sendt ut til dei tre utstillingane denne månaden.

Mellom dei inviterte er den britiske ambassadøren i Norge, samt Olav Thon.

– Det har vore krevjande å planlegge og setje opp utstillingane som blir avslutta i Førde. Det har teke mykje energi, seier Rintler.

Om det har vore krevjande arbeid, så er ho både glad og nøgd over at arbeidet langt på veg er over.

– Eg har vel aldri laga noko av så høg kvalitet før. Eg er både stolt og opprømt over at det er mitt arbeid, avsluttar Rintler.