Hopp til innhold

Charlotte målar akvarell i minus ti grader

Charlotte Rintler har tenkt å lage kalender av 12 DNT-hytter. I februar stod Fondsbu for tur, og minus 10 grader stoppa ikkje kunstnaren i arbeid.

Charlotte Rintler

OPPLEVING: Kunstnar Charlotte Rintler likar utfordringar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg skal lage ekstrem kunst oppe på Fondsbu, seier Rintler.

Ho målar akvarell av ei hytte for kvar månad, og då kan ei ikkje late seg stoppe av korkje snø eller vinter.

I Norge Rundt i kveld klokka 19.40 kan du sjølv sjå kunstnaren i arbeid. Fotograf Heidi Lise Bakke har følgt kunstnaren til Fondsbu.

Skal innom 12 hytter

Men for å komme seg til Fondsbu i Jotunheimen vinterstid, krevst det hjelp. To mil i beltebil måtte til før Rintler var på plass ved turisthytta.

Der er vert Solbjørg Kvålshaugen klar, og ho gler seg til å sjå det ferdige resultatet.
Rintler tok til med målinga i september og skal innom 12 turisthytter. Kulden skremmer henne ikkje.

– Eg tenkte ikkje på kor kaldt det kunne bli då eg fekk ideen. Eg er ikkje noko superkvinne eller noko, men vi får sjå korleis det går. Uansett blir det ei oppleving, seier Rintler.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skålatårnet

SNØDEKT: Skålatårnet måla av Charlotte Rintler.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Penslane frys

Største utfordringa er at målinga og penslane frys, men det ser Rintler på som ei utfordring.

– Det er ein av grunnane til at ein ikkje driv med slikt så ofte, seier Rintler.

Ho er utdanna innan kunst og har det som levebrød. Målet hennar med kalenderen er å minne folk om kor flott det er i fjellet året rundt.

Til no har ho målt Haukelisæter, Skålatårnet og Skagastølstind.