Snart blir det klatrepark i Stryn

På Hydla i Stryn kan du snart få utfordra høgdeskrekken. Der er dei i gang med bygginga av ein heilt i ny klatrepark, som skal stå ferdig 20. juni. Kring 23 millionar kroner blir investert i parken, som mellom anna skal ha eit klatretårn på 15 meter. Familien Holien Bø er ein av familiane som skal drifte parken. Her er Marte Holien Bø, Rasmus Bø, Anna Holien Bø og investor Otto Vik. – Vi håpar det får folk ut, og at det vil gjere det kjekt å bu i Stryn, seier Bø.

Klatrepark i Stryn
Foto: Benedikte Grov / NRK