NRK Meny
Normal

Småkrafteigarar jublar over ny ordning - kan redde økonomien

Småkraftverk rundt om i landet kan glede seg over at dei endeleg blir innlemma i den grøn sertifikatordninga.

Bjørn Lødemel og småkraft

ENDELEG: 170 småkraftverk kan glede seg over å bli inkludert i ordninga med grøne sertifikat. Bjørn Lødemel frå Høgre er særs nøgd med å ha fått dette i hamn.

Foto: Fotomontasje

– Dette er kjempepositive nyhende, det er nesten for godt til å vere sant. Vi har blitt skuffa så mange gonger at vi nærast har gitt opp håpet om å kome med, seier Leidulv Bogstad i Årdal i Breim.

Han er ein av 15 grunneigarar som driv eit kraftverk i den vesle bygda, og som i dag vart særs letta over meldinga som kom frå regjeringa. For i dag vart det klart at kring 170 småkraftverk som ikkje fekk kome med i den grøne sertifikatordninga tidlegare, likevel blir inkluderte.

Også på Stortinget er det jubel å spore i dag.

– Eg er veldig glad og letta for at regjeringa no legg til rette for dette. Eg jobba med det heile sist periode då eg sat i Energi- og miljøkomiteen. At regjeringa etter eitt år i regjeringa rettar opp denne uretten gjer meg veldig glad, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

Fortvilande situasjon for mange

Då sertifikatordninga vart innført vart det bestemt at småkraftverk som alt var bygde, ikkje fekk kome med. Det skjedde trass i at det var kome politiske lovnadar om det motsette. Fleire småkrafteigarar har i ettertid kome i økonomiske vanskar. Også i Årdalen har dei opplevd situasjonen som krevjande.

– Kraftprisane er dårlegare no enn då vi bygde ut, og det går rett og slett ikkje rundt og vi driv med raude tal. Vi såg for oss mange år med minustal, fortel Bogstad.

Selskapet har tenkt på måtar å berge aksjekapitalen, og har sakt men sikkert vore vitne til at eigenkapitalen var i ferd med å gå tapt.

Når de no kjem inn i ordninga, vil de då tene pengar?

– Ja, det kan vi då. Vi har laga ein rekneskap der vi legg inn inntekter frå sertifikata, og då går vi i pluss, så det blir ein annan situasjon, seier ein letta Bogstad.

Knut Olav Tveit

GLEDAS DAG: Mange småkrafteigarar kan gle seg over nyhenda, seier leiar i Småkraftforeningen, Knut Olav Tveit.

Foto: Privat

Glad for å ha retta opp løftebrot

Fleire gonger dei siste åra har det vore arbeidd med å få alle småkraftverka inn i ordning, men saka har ikkje fått gjennomslag. Lødemel meiner det er løftebrot frå den raudgrøne regjeringa, og er letta over at den blå regjeringa har fått til ei rask avgjerd. Også leiaren i Småkraftforeiningen, Knut Olav Tveit, trur det er mange småkrafteigarar som no pustar letta ut.

– Dette betyr redninga for mange. Mange har sove dårleg i mange år på grunn av dette. Eg har fått telefonar frå folk som slit, og fortel at dei no sel dei verket. Den eine etter andre har selt på grunn av dårleg økonomi, og no blir dei redda, og kan spele den rolla i lokalmiljøet med å sikre busetnad og inntekter.

Saka, som blir lagt fram av Olje- og energidepartementet, skal no ut på ei kort høyring, og er forventa å bli innført frå 1. januar 2016. Lødemel seier ein må vente på høyringssvara som kjem inn, men kjenner seg trygg på forslaget blir vedteke.

– Venstre og KrF har støtta dette tidlegare, og det trur eg dei vil gjere no også.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.