Huldra i Flåm. Arkivfoto Bjørn Kray-Iversen
Enda i full krangel
Sidan 1998 har huldrene sunge huldrelokk i Kjosfossen i Flåmsdalen. Men samarbeidet mellom Flåm Utvikling og Hybris Film Vertigo AS enda i full krangel, og Oslo-selskapet tok i 2002 saka til Sogn tingrett for å få fastslått retten til huldrene som åndsverk. No har dei ifølgje Sogn Avis vunne saka, og huldrene må truleg vekk. Olav Lühr i Flåm Utvikling avviser at dette vil gå ut over turismen i særleg grad.
- Lühr bagatelliserer
Produsent i Hybris Film Vertigo AS, Jarl Holstad, meiner Lühr bagatelliserer. Han seier huldrene vil få stor innverknad på besøkstala. Og trass i at Hybris starta rettssaka meiner dei det ikkje er gunstig for nokon av partane at huldrene forsvinn.
Han meiner også å ha huldrene på si side i saka, og er ikkje redd for å bli følgd av ulukke sjølv om Hybris no har gjort dei arbeidslause.