Under fylkestinget onsdag var det berre Venstre sine tre representantar og Frank Willy Djuvik (Frp) som røysta for å behalde drifta av bokbåten. Dei var villige til å legge 1,3 millionar på bordet for å redde den nok eit år.
- LES OGSÅ:
Prega politikarar
Trude Brosvik frå KRF har vore ein forkjempar for å behalde bokbåten. Men under fylkesutvalet tidlegare i desember, såg ho inga anna råd enn å seie nei til at bokbåten skulle få segle vidare.
Frå talarstolen under fylkestinget i dag, var Brosvik tydeleg prega av å måtte røyste for å legge ned eit tilbod som partiet har programfesta å støtte.
– Dette har vore ei sak med tårer og krokodilletårer.
I over 51 år har båten segla innom krikar og krokar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. I tillegg til å vere eit bibliotek har innbyggjarar i grisgrendte strøk også fått tilbod om andre kulturelle opplevingar om bord i båten.
Fylkeskommunen må kutte
Sogn og Fjordane fylkeskommune står overfor store kutt, opp mot 120 millionar kroner, difor har partia sett seg nøydde til å kutte drifta ved bokbåten.
Dette gjev fylkeskommunen ei innsparing på vel 1,3 millionar kroner.
- LES OGSÅ:
Det er ikkje første gong framtida til båten har hange i ein tynn tråd. Fleire gonger i sitt 51 år lange liv har båten vore truga av nedlegging.
Brosvik avslutta innlegget frå talarstolen med å uttrykke håp.
– Det er jo dei av oss som trur på oppstandelsen, sa ho og smilte.