Hopp til innhold

Sliten Flatland droppar jaktstarten

Ann Kristin Aafedt Flatland stiller ikkje til start på kvinnenes jaktstart i skiskyting i dag.

Ann Kristin Aafedt Flatland
Foto: Heiko Junge / Scanpix

Sportssjef Per Arne Botnan seier at Flatland føler seg sliten etter sprinten i går.

– Ho føler at ho ikkje har meir å gi i dag, og utgangspunktet hennar var også dårleg, seier han.

For under gårsdagens sprint i Khanty-Mansijsk i Russland enda ho på ein 34. plass. Ho skulle dermed starte nesten tre minutt etter Magdalenda Neuner som skal gå først.

No skal Flatland kvile og lade opp til 15-kilometeren onsdag.

– Ho føler seg ikkje heilt i slag og vil heller prøve å komme tilbake på normalen. Det var ein tøff sprint og ho brukte mykje krefter. Ho var ikkje nøgd med konkurransen og er mentalt sliten.