Hopp til innhold

Slik var den våte helga i Florø

Florø legg bak seg ei våt helg, med stor aktivitet. Men moro har det vore.

Politisk vasskrig i Florø

MORO: Ordførar Bengt Solheim-Olsen og tidlegare SV-statsråd Heidi Grande Røys var populære mål hos svampekastarane.

Foto: Truls Kleiven

Det som starta med balansekunst i Kinnaklova, har iløpet av helga bydd på både skøy og moro for store og små i kystbyen.

Roger Bareksten i arrangørstaben seier det har vore så moro at dei allereie har bestemt seg for meir Våt Moro i 2013.

– Dette var ein monstersuksess frå fyrste augneblink. Vi er ikkje heilt ferdig endå, men eg kan allereie garantere at det blir ny festival neste år, seier han.

Langt ut i havgapet, høgt over bakken, prøvde to unge menn seg på eit vågalt stund. 
Med berre ei tynn, tynn line under beina ville dei krysse Kinnaklova.

SJÅ: Linestunt i Kinnaklova.

Kriga i parken

Helga har aktivert og engasjert små og store til leik både på, i og med det våte element. Dei har klatra, dykka, skata og rafta.

Bareksten er spesielt nøgd med vasskrigen dei arrangerte i parken laurdag ettermiddag.

– Det har ikkje vore så mange menneske i parken sidan Åge Aleksandersen spelte der ein gong på åttitalet. Dette overgjekk alle forventingar.

Vi har samla eit knippe på over 90 bilete av den våte helga i kystbyen:

Våt moro er namnet på festivalen som blei avvikla i Florø i helga.
Fellesnemnar: Ekstremsport på og i vatn, og publikum -fekk sjå fuktige og halsbrekkande stunt på hamna i Florø.

Vannsport i Florø