Hopp til innhold

Petter «Edderkopp»:– Misser du fokus, berre litt, så ramlar du ned

Han er ikkje redd, men veit at alt må klaffe for at det skal gå bra. I kveld skal Petter «Edderkopp», eller Petter Aker som han eigentleg heiter, balansere på ei slak line mellom staurane på Kinnaklova utanfor Florø.

Kinnaklova

IKKJE FARLEG: Petter 'Edderkopp' Aker veit at alt må klaffe når han skal balansere dei rundt 50–70 meterane på den slake lina mellom staurane på Kinnaklova.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Eg var veldig høg i hatten i starten, men no kjenner eg at eg er litt nervøs her eg står og dreg i tau og jobbar for å rigge til, seier Petter Aker til NRK.no.

Berre timar før han skal i elden bles det godt på den vesle øya Kinn utanfor Florø. Fjellpartiet Kinnaklova ragar høgt på den vesle øya, stauren mot sør er 223 meter høg, og den mot nord 197 meter.

Mellom dei to har Aker og crewet hans rigga opp ei slak line på ein stad mellom 50 og 70 meter.

Torsdag kveld skal Petter Aker balansere frå den eine enden til den andre.

– Vind er ikkje noko så bra. Viss det bles så står lina og hoppar opp og ned og høyrest ut som eit helikopter, så eg håpar det minkar litt før eg skal ut å gå, seier Aker til NRK.no i 14.30-tida.

– Ei fantastisk kjensle av meistring

Det vågale stuntet er ein del av «Våt Moro», eit arrangement som lovar ekstrem natur og grenselaus moro til dei som vil vere med. Her kan folk få prøve seg på alt frå kajakk, rafting og wakeboard til klatring, dykking og paragliding.

Startskotet for arrangementet gikk torsdag morgon, og i kveld inviterer dei til ei heftig oppleving på øya Kinn.

Petter Aker er berre 21 år, men har allereie rokke å gå på line over fleire juv. Det han skal prøve seg på i kveld er likevel det tøffaste og mest krevjande stuntet han har gjort på line.

– Grunnen til at eg gjer dette er for å ha kontroll over eigen kropp og eiget hovud. Det er ei heilt fantastisk kjensle av meistring når ein kan sigre over si eiga frykt når ein gjer noko slikt, forklarar han.

– Men er det ikkje farleg?

–Så lenge alt blir gjort rett, så går det greitt, seier 21-åringen som også blir kalla Petter Edderkopp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kinnaklova

HØGT: Den spesielle fjellformasjonen er godt synleg for alle som kjem til øya Kinn.

Foto: Terje Rosnes

– Må vite at ting er gjort rett

Det er ikkje berre, berre å rigge opp den slanke lina mellom dei to fjellstaurane. Fjellet er vanskeleg tilgjengeleg, både frå lufta og frå bakken. Saman med fleire andre har Aker i dag jobba med å setje opp lina.

– Det farlegaste med dette stuntet er kanskje det å rigge til, vi må klatre rundt og setje boltane og gjere mykje arbeid i høgda, seier Aker.

Likevel er han heilt klar på at arbeidet med rigginga er noko han må vere med på. Noko anna hadde gjort heile stuntet umogleg.

– Det å rigge opp er ein viktig del av førebuingane for å bli komfortabel med opplegget. Viss eg ikkje veit at det er rigga riktig, så hadde eg ikkje tort å gå over, seier han.

– Misser du fokus, ramlar du ned

Kort tid før han skal legge ut på den luftige turen over Kinnaklova veit han at han må få hovudet og kroppen til å samarbeide. Sjølv med mange timar trening på line i parken, er det kanskje ikkje noko som heilt kan førebu han på det som ventar.

– Når du kjem opp i høgda fungerer ikkje hovudet ditt og kroppen seier at det er noko den ikkje likar.

– Du må konsentrere deg 120 prosent. Misser du fokus, berre litt, så ramlar du ned. Det er jo veldig skummelt når det er så langt ned, seier Petter Aker til NRK.no.

For eigen tryggleik si skuld skal Petter Aker bruke sikring når han går over juvet, i tilfelle noko skulle gå gale.

NRK er til stades på Kinnaklova og vil etter kvart leggje ut video av stuntet her på våre nettsider.