Hopp til innhold

– Kom deg ut trass det dårlege vêret

NORDFJORDEID (NRK): Årets sommar er på topp fem av våte somrar sidan 1950. Men, å sitte inne med eit glas vin hjelp ikkje mot vêrsjuka, seier psykologspesialist Peter Georg Zehentbauer.

Regn

VÅTT: Sommaren 2016 har så langt vore både kald, mørk og våt.

Foto: NRK

– Eg trur mange følar at vêret hindrar dei i å gjere det dei helst vil. Ein tenkjer at ein har mykje ein skulle gjort. Men så lar ein seg stoppe av vêret i staden for å kle på seg å gjere det ein har planlagt likevel.

Det fortel psykologspesialist Peter Georg Zehentbauer i Nordfjordeid. Årets sommar har vore av den våte sorten. Og det blir ikkje stort betre. Meteorolog Geir Ottar Fagerlid seier det blir eit halvanna døgn med mykje vind og mellom 50 og 100 millimeter nedbør.

Det har prega innbyggjarane i Nordfjord, som fortel at dei er lei det dårlege vêret.

«Det er vel berre ein ting å si om vêret, det har vore dårleg. Eg merkar det litt på humøret»

«Vêret i sommar er dårleg. Det er både regn og kaldt. Det er ikkje noko stas»

«Det er mange ting ein har lyst å gjere ute, og det går ikkje. Det er litt surt»

– Vêrsjuka meste sit i hovudet

Zehentbauer fortel at mange blir meir depressive når det er mørkt og kaldt. At ein ikkje får sol og varme om sommaren, kan derfor gjere folk tristare. Men det er ikkje berre vêret si skuld, ifølge psykologen.

– Humøret kan nok bli påverka av kor mykje lys ein får. Men eg trur det meste skjer oppe i hovudet på ein sjølv. Ein tykkjer at vêret er så felt, og trekker seg ned i negative tankar, seier Zehentbauer.

Peter Georg Zehentbauer

– HALD DEG AKTIV: Seier spesialpsykolog Peter Georg Zehentbauer.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Han meiner dei som slit med vêrsjuka bør ta ein runde med seg sjølv.

– Dersom ein blir veldig påverka av korleis vêret er, bør ein kanskje tenkje over kva som er det viktigaste i livet. Er det vêret?

– Raudvin er ikkje løysinga

Det dårlege sommarvêret kan freiste mange til eit par fleire glas med vin innandørs. Alkohol er ikkje noko god løysing på vêret, hevdar Zehentbauer.

– Eg trur ikkje det er så lurt å ty til alkoholen som trøyst. Gjør heller positive ting som gir ekte glede, enn trøysteeting og trøystedrikking. Alkoholen skal ein vere forsiktig med.

Zehentbauer peikar spesielt på ein ting. Kom deg ut i sommarvêret, uansett kor dårleg det skulle vere.

– Det gamle norske ordtaket "Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege kler", er eigentleg ganske fornuftig. ​Ta det med humor, og sjå positivt på situasjonen. Ver fysisk aktiv, og kom deg ut. Klarar man det vil man få positive opplevingar. Ein har eit anna lys, naturen er annleis i dårleg ver. Som regel har man det godt etter ein tur i naturen.