Hopp til innhold

Slik ser dei føre seg nybygget på Skåla

Det nye overnattingsbygget på toppen av Skåla i Loen er no eitt steg nærare realisering.

Slik ser dei føre seg nybygget på Skåla

NYBYGG: Slik ser Bergen og Hordaland turlag for seg nybygget på Skåla. Helene Ødven seier Skålatårnet framleis skal vere stjerna på toppen, men at den nye sikringshytta vil vere eit viktig supplement for å sikre overnattingsplassar også på vinter og vår.

Foto: Arkitekt Eilif Bjørge

– Dette blir eit fantastisk flott tilbod, seier Helene Ødven som er dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag.

Dei eig Skålatårnet og skal no byggje eit nytt overnattingsbygg 1850 meter over havet. Det 120 år gamle tårnet er nemleg ikkje skapt for det aukande besøket, spesielt oppvarming på vinter og vår har ført til problem med fuktskadar.

– Vi ønskjer å ta vare på det fantastisk flotte tårnet på Skåla. Tårnet skal framleis vere ikonet der oppe, medan den nye hytta skal fungere som eit supplement, seier Ødven.

Klarsignal frå nasjonalparkstyre

Slik ser dei føre seg nybygget på Skåla

SIKRINGSHYTTE: Nybygget på Skåla skal ha mellom 20 og 25 overnattingsplassar, i tillegg til fire toalett og kjøkkenfasilitetar.

Foto: Skisser av arkitekt Eilif Bjørge

Prosessen med å få på plass eit nybygg har gått i nokre år, og er no eitt steg nærare realisering.

Tysdag vart planane lagt fram for Jostedalsbreen nasjonalparkstyre som gav klarsignal for å gå vidare. Ein av føresetnadane er at nybygget blir noko lågare enn det dei første teikningane legg opp til, seier Ødven.

– Vi har hatt ein god dialog med både nasjonalparkstyret, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Statens naturoppsyn og grunneigarane i Loen. Vi er alle samde om at vi ønskjer å ta vare på Skålatårnet og har fått signal om at ein ønskjer seg eit nybygg.

Fleire overnattingsplassar

Det nye bygget vil ligge litt lågare i terrenget enn Skålatårnet og det blir lagt opp til at den nye sikringshytta skal ha mellom 20 og 25 sengeplassar i tillegg til fire toalett og kjøkkenfasilitetar.

– Det er den hytta som vil bli brukt når Skålatårnet er låst på vinteren og våren, og den vil også sikre eit større overnattingstilbod gjennom heile året, seier Ødven.

Talet besøkande på Skåla og Skålatårnet har stige jamt og trutt, og nådde ein topp i 2014 med 2600 personar innskrivne i boka på toppen. Ein kald og snørik sommar gjer at talet besøkande i år er halvert frå rekordsommaren, men behovet for ekstra overnattingsplass er utan tvil til stades. Skålatårnet har i dag vel 20 sengeplassar.

Tur til Skålatårnet

POPULÆRT TURMÅL: Skålatårnet på toppen av Skåla i Loen ligg 1848 meter over havet. Tårnet er eit populært turmål både sommar og vinter.

Foto: Ingeborg Lund Mathisen

– Dette er vi stolte over

Med klarsignal frå nasjonalparkstyret har turlaget no sendt byggjesøknad til Stryn kommune. Etter dette skal saka på ny opp i styret i Bergen og Hordaland turlag, før også eit fellesmøte i organisasjonen skal ta stilling til planane.

Ødven meiner prosjektet er noko mange kan vere stolte over.

– Dette er eit utruleg bra prosjekt som vi gler oss til å jobbe vidare med. Det vil vere eit flott turmål for dei som bur i bygdene og området, men også bidra til at fleire turistar kjem på besøk og legg att pengar i området, seier ho.