Hopp til innhold

Vil byggje ny hytte på Skåla

Skålatårnet i Loen kan bli supplert med ei bemanna turisthytte i høgsesongen.

Skålatårnet

FÅR NABO: Ein vurderer no å byggje ei ny turisthytte på Skåla.

Foto: Sabine Exner

Skåla og Skålatårnet har dei seinare åra verkeleg blitt ein av krumtappane i naturbasert reiseliv på Vestlandet.

Behovet for ei ekstra hytte på toppen er stort, og både næringsliv og Bergen Turlag ser no etter ei løysing.

Sikringshytte

– Det som er planane konkret er å bygge ei utvida sikringshytte, der ein tilbyr fasilitetar på overnatting og matservering. Vi tenker også at dette skal bli ei betjent hytte i hovudsesongen, seier Richard Grov til NRK.

Han meiner at Skåla er ei oppleving i seg sjølv.

– Det å ta turen opp og sjå korleis terrenget forandrar seg frå ein frodig dal til eit barskt alpint landskap. Skåla er fyrtårnet i den typen naturbasert reiseliv vi snakkar om her, meiner Grov.

Må tenkje nytt

Styreleiar i Bergen Turlag, Børge Brundtland, er samd med Grov i at det no er naudsynt å tenkje nytt på Skåla. Kondens frå vedfyring gjer at murveggane i tårnet får skadar.

– Eit nytt bygg kan gjere at vi kan stenge Skålatårnet om hausten og vinteren, meiner Brundtland, som trur det let seg gjere å tilpasse eit nytt bygg i det sårbare nasjonalparkområdet.

– Vår haldning til dette er at vi ønskjer ei best mogleg tilpassing på ein varsam måte. Så får vi sjå kva vi får til i saman, seier styreleiaren.

Sterk auke

I år vil 10.000 turistar besøke toppen av Skåla og turmålet har dei siste åra hatt ein eksplosiv auke.

Den tiande utgåva av Skåla Opp vart skipa til denne helga, og endå ein gong vart arrangementet ein stor suksess. Noko som vitnar om populariteten til reisemålet og ikkje minst Skålatårnet.

Tyrkiske Ahmet Arslan nye løyperekord 1,07,38, men det vart også sett ny rekord med over 1800 deltakarar i motbakkeløpet.