Hopp til innhold

Kan ha funne nøkkelen til større stillingsbrøkar

Langtidsplanlegging kan vere nøkkelen for å få bukt med deltidsarbeid i kommunane.

Sykehjem, eldreomsorg, pleiere

ILLUSTRASJON: Deltidsstillingar og små stillingsbrøkar er utbredt i pleie og omsorgssektoren.

Foto: LAUNETTE Florian / PHOTOPQR/LA PROVENCE

Av 275 tilsette i pleie- og omsorgssektoren i Stryn kommune, har berre 13 prosent full stilling.

– Det er hovudregelen at ein ikkje har fulle stillingar, seier rådgjevar Torfinn Moen.

Stryn er ein klassisk kommune der deltid er regelen heller enn unntaket, innan pleie og omsorg. 63 tilsette har 25 prosent stilling eller mindre.

Kommunen er ein av sju i Sogn og Fjordane som dei siste åra har delteke i prosjektet det store heiltidsvalet, i regi av KS, der målet er å få fleire til å jobbe meir.

Torfinn Moen, rådgjevar

TENKJER REKRUTTERING: Rådgjevar Torfinn Moen i Stryn kommune meiner dei bør kunne tilby nyutdanna heiltidsstillingar innan pleie og omsorg.

Foto: Silje Guddal / NRK

Langtidsplanlegging viser seg å ha god effekt.

Gløym seksvekers turnus

I Selje har langtidsplanlegging alt gitt synlege resultat. Tomme hol i vaktplanar som følgje av ferie, høgtider og permisjonar vert fylt opp ved starten av året, av tilsette som ønskjer å jobbe meir.

– Vi har auka stillingsprosentane med 4,6 årsverk. Til dømes har ein tilsett i 60 prosent stilling gått opp til 80 prosent stilling. Fleire har gjort dette, seier Haaland.

No legg Haaland turnusen for eit heilt år fram i tid.

– Eg synest det har hatt ein veldig god effekt. Mitt inntrykk er at det gjev ein større ro. Det er veldig føreseieleg, seier Haaland.

Fører til mindre vikarbruk

– Det er blitt ein kultur for å ha låge stillingar, og at det er greitt. Det har vi lyst å prøve å snu, seier Sølvi Sørebø i KS.

Betre kvalitet, kontinuitet og mindre vikarbruk vert trekt fram som grunnar til å få større stillingsbrøkar.

– Dei som har prøvd langtidsplanlegging over fleire år, slepp nesten vikarar. Dette er framtida, seier Sørebø.

I dag er deltidsstillingar ned i 12–13 prosent er ikkje uvanleg i mange kommunar.

Kommunane vurderar og andre måtar å få fleire i større stillingar, som langvakter for heimetenesta og fleire helgevakter mot ein kompensasjon.

Må tenkje rekruttering

Med færre vikarar får brukarane færre personar å forholde seg til. I tillegg meiner Moen i Stryn at heiltidsstillingar er viktige omsyn rekruttering av nyutdanna helsefagarbeidarar.

– Det å ha ein kultur for heiltidsstillingar er utruleg viktig for å signalisere til ungdom at her satsar arbeidsgjevaren på fulle stillingar, seier Moen.

I dag er 51 tilsette innan pleie og omsorg over 58 år.

Kva med dei som ikkje ønskjer å jobbe meir eller fullt?

– Det er klart at ein må ta omsyn til at det er ulike ønskjer i organisasjonen, men vi må vise at det mogleg å få seg ei heiltidsstilling, seier Moen.

Kommunane som deltek i prosjektet er Vågsøy, Eid, Gloppen, Stryn, Selje, Flora og Gaular.