– Vi har det så kjekt i lag. Både dei som jobbar her og pasientane trivst veldig godt, seier Sølvi Kulleseid som er hjelpepleiar på Hamnehagen sjukeheim i Samnanger.
På Hamnehagen sjukheim har dei det godt, men slit med opplæring blant dei tilsette som dei fleste andre sjukeheimar.
For sjukeheimane får stadig nye oppgåver, utan noko form for opplæring. Samhandlingsreforma kom med nye krav til kompetanse for kommunar og pleiarar.
– Pasientane blir dårlegare og treng meir hjelp. Då er det viktig at vi lærar oss og veit kva vi gjer, seier Kulleseid.
- LES OGSÅ:
Få har tid eller ressursar
Det er overskot til bebuarane på Hamnehagen, men pasientane på sjukeheimane blir eldre og sjukare. Å vera pleiar blir stadig meir utfordrande.
– Vi opplever at krava til kompetanse og endringa i oppgåvene vi skal løysa er større og går fortare enn det vi har moglegheit til å byggja opp etter kompetanse, seier Grete Lill Hjartnes, som er pleie- og omsorgsleiar i Samnanger kommune.
Det er laga ein ny forskingsrapport om tvangsbruk på demente på 24 sjukeheimar på Vestlandet.
Studia gjort av omsorgsforskning Vest/ Høgskolen i Bergen retesta tidlegare funn som viste at to dagar undervisning og ein time rettleiing i seks månadar om personsentrert omsorg og alternativ forståing av aggresjon, reduserte bruk av tvang og psykofarmaka ovanfor personar med demens på sjukehus.
Resultatet viste at vidareutdanning av sjukeheimstilsette gjev betre helsetenester, men diverre er det sånn i dag at få opplever at dei har tid eller ressursar å få dette til.
– Må få lære nye ting
– Det gjer at omsorga får ein dårlegare kvalitet, seier Tone Elin Mekki, førsteamanuensis Høgskulen i Bergen.
Ho meiner statlege midlar må øyremerkast til at helsepersonale får læra seg nye ting.
– Ein må satsa meir på kompetanse og det må bli sett i samanheng, seier Mekki.
– Når nye krav kjem så må ein forstå at det må følgjast opp med ressursar og moglegheiter til å oppdatera kunnskap. Dette blir gjort andre stadar i samfunnet, men for lite her, legg Mekki til.