Hopp til innhold

Slik overvaker geologane dei farlegaste fjellpartia i Norge

Fleire stader i landet står store fjellparti i fare for å rase ut og skape dødelege tsunamiar. No tek geologane i bruk GPS for å halde kontroll med dei farlegaste fjellmassiva i Norge.

Trond Eiken

AVANSERT UTSTYR: Trond Eiken syner fram GPS-utstyret dei bruker for å finne ut om fjellet flyttar seg. Med avansert GPS-utstyr gjer dei målingar på ei rekkje punkt i fjellet med jamne mellomrom.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det finst førebels ingen systematisk kartlegging av ustabile fjellparti i Norge. Men omfanget er enormt.

Norges geologiske undersøkelse (NGU) har i samarbeid med lokale styresmakter og Universitetet i Oslo, dei siste åra kartlagt ei rekkje område.

I Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og i Troms vil ein stå overfor store tsunamibølgjer dersom dei ustabile fjellpartia skulle rase ut.

– Det er uhorveleg mykje sprekker her

I Sogn og Fjordane åleine har ein funne fram til 37 ustabile og potensielt rasfarlege punkt. Åtte av dei blir no overvaka gjennom målingar med GPS – såkalla satelittposisjoneringssystem. I går var turen kome til landets største ustabile fjellparti, Stampa i Aurlandsfjorden.

Då NRK møter senioringeniør Trond Eiken frå Institutt for geologi ved Universitetet i Oslo står han under det største registrerte fjellpartiet som er i rørsle her i landet.

Nær ufattelege 200 millionar kubikkmeter med fjell flyttar seg nokre millimeter kvart år i fjellmassivet Stampa i Aurland.

- Det som er spesielt med dette området er at det er så uhorveleg mykje sprekker. I tillegg har det vist seg at nokre av sprekkene flyttar på seg, seier Eiken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.
Foto: Aurland kommune.

Overvaker fjella med GPS

Senioringeniøren viser fram det avanserte utstyret dei har teke i bruk for å måle rørslene i fjellpartiet. Det er GPS - satelittnavigasjon i ein heilt anna skala enn den vanlege folk har i bilen sin.

Denne typen satellittposisjoneringssystem vert brukt til å overvake åtte ustabile og rasfarlege fjellparti berre i fjordfylket. Og det kan det vise seg å vere behov for på sikt.

- Lenger innover fjorden mot Flåm er det veldig store sprekker i fjellet. Nokre av dei er gamle og ikkje lenger aktive, men dette er eit spesielt område fordi det er så stort. Det er snakk om fleire kilometer innover med ustabile fjellparti, forklarar Eiken.

Nokre fjell vert kontinuerleg overvaka

I Møre og Romsdal er det fleire fjellparti som vert kontinuerleg overvaka fordi dei er så ustabile. Dette gjeld Mannen, Åksnes og Hegguraksla.

Det er bygd ut eit omfattande overvakingssystem som skal varsle folk i område med både mobiltelefon og kraftige sirener dersom noko skjer.

- Vi har strenge krav til korleis overvakingssystema er utvikla. Vi skal vite i god tid på førehand når skredet går. All erfaring tilseier også at det er aksellererande aktivitet i fjellsidene i forkant av skred, sa sjefsgeolog Harald Blikra ved Åknes/Tafjord-prosjektet til NRK.no tidlegare i vår.

Også fjellpartiet Nordnes i Troms fylke vert kontinuerleg overvaka for å oppdaga rørsle i fjellet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heggura

STORE HOL: Fleire stader følgjer geologane dei rasfarlege områda døgnkontinuerleg. Her er dei på Heggurda ved Tafjorden. Fleire stader er fjellsprekkane så store at det er plass til folk i dei.

Foto: Åknes/Tafjord-prosjektet

Fjellet flyttar seg millimeter for millimeter

I løpet av veka skal Eiken frå UiO og ekspertar frå NGU tråle Sogn og Fjordane på kryss og tvers for å måle og halde auge med fjella. Kanskje kan dei også gjere folk litt tryggare.

Undersøkingane som før blei gjort med boltar og måleband, har ved hjelp av GPS blitt til å stole på, meiner Eiken.

- Vi prøver å finne ut om fjellet flyttar seg millimeter for millimeter. I området Stampa har vi gjort målingar over fem-seks år. Er det punkt som har flytta seg ein millimeter i året, vil det bety ein halv centimeter på fem år, seier Eiken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Queen Mary II ved kai i Flåm

UVITANDE: Turistane på Queen Mary II veit truleg ingenting om at dei ferdast ved det som er det mest ustabile fjellpartiet i Norge.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Dette freistar nok ikkje turistane

Kvart år kjem 600.000 turistar til den flotte naturen i Aurlandsfjorden. Denne dagen ligg det majestetiske cruiseskipet Queen Mary 2 til kai i Flåm.

Dei nær 3000 personane om bord veit truleg fint lite om at dei har lagt til kai under det største ustabile fjellpartiet i Norge. Slik bør det halde fram meiner reiselivssjef i Aurland, Noralv Distad.

Han har lite tru på at fjellet Stampa kunne blitt ein turistattraksjon.

- Vi veit at folk av og til er ute etter spennande opplevingar, men dette er ikkje noko som er naturleg å trekkje fram i marknadsføringa, seier Distad til NRK.no.

– Viktig å følgje med

Distad trur også folk i bygdene Aurland og Flåm har eit avslappa forhold til fjellmassane langs fjorden - sjølv om dei i verste fall kunne utløyst ein stor tsunami.

At geologane no tek i bruk GPS for å overvake fjellpartia er likevel noko han trur folk vil setje pris på.

Noralv Distad

NØGD: Reiselivssjef i Aurland, Noralv Distad, vil ikkje nytte det farlege fjellpartiet Stampa som ein del av marknadsføringa av området. Han er samtidig glad området vert overvaka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Så lenge fjellet er i rørsle er det greitt at det vert overvaka. Men slik vi har forstått det er det ikkje noko akutt fare og heller ikkje noko som trugar i nær framtid. Men at ein følgjer nøye med trur eg er viktig, seier Distad.

På gata på Aurlandsvangen er meiningane delte om trugselen frå Stampa.

- Det er rasfare over alt, så dette er ikkje noko å bry seg om, seier ein eldre mann NRK snakkar med.

Ei anna er derimot litt meir skeptisk.

- Eg tenkjer på det. Viss dette skjer vil det kunne gjere mykje skade, seier ho.

- Det er førebels trygt

Skal ein tru eksperten med GPS-målaren oppe på fjellet, bør dagens aurlendingar overleve fjellet Stampa.

- Eg trur det er rimeleg trygt å bu i både Flåm og Aurland. Men i eit hundre- eller tusensårsperspektiv, dersom det flyttar seg meir, så kan det bli verre å bu her, seier Trond Eiken.