Hopp til innhold

Slik mintest dei havet sine offer

KINN (NRK): Havet har vore viktig for folk i alle år, men ikkje alle kjem heim att. Desse vart minna med ei midnattsgudsteneste i Kinn kyrkje fredag.

Rundt 70 møtte opp for å delta i midnattsgudstenesta i Kinn kyrkje for å minnast dei som har omkome på havet.

MINNEGUDSTENESTE: Samferdsleministeren tok turen til Kinn for å delta i midnattsgudstenesta. Her kan du sjå ein liten del av talen hans. (Foto/redigering: Harald Kolseth/Steinar Lote)

Rundt 70 personar var med på markeringa, og blant dei var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

– Det er fantastisk å få vere her på Kinn. Det gir ei stemning og ei ro som er fantastisk. Og eg er glad vi fekk nytte høvet til å minne dei som vi har mista på havet, sa statsråden.

«Havet gir og havet tek»

Ministeren er i desse dagar på rundreise i Norge for å sjå på skipsfartsnæringa. Som ein del av turen var det planlagt at han skulle delta i midnattsgudstenesta på Kinn. I talen sin sa han mellom anna at havet både gir og tek.

– Havet er godt på mange måtar, det gir oss transportårer, mat og verdiskaping, men det er ikkje alle som har kome heim frå sitt arbeid eller frå si fritid. Det å ta ein pust i bakken og minnast dei, og heidre dei som gjer ein innsats for at det skal bli tryggare i framtida, det synest eg var verdt det, seier han.

Sokneprest Knut Magne Nesse, fortel om ei fin og fredfull stund i kyrkja.

– Ministeren sin tale, der han snakka om havet og folket som har levd ved havet, om uro og storm, det var ting vi kunne kjenne oss igjen i. Det var tydeleg at han har levd ved kysten sjølv.

Dei gamle røtene

For soknepresten er det framleis noko spesielt med å halde gudsteneste på Kinn.

– Det er alltid spesielt å komme ut her. Desse gamle tjukke murane, og røtene som er her ute, dei er heilt spesielle.

Eit ansvar for at folk skal kunne ferdast trygt og godt, gjorde det viktig for samferdsleministeren å vere med på denne gudstenesta.

– Vi lukkast ganske godt, det blir tryggare, men vi lukkast ikkje alltid. Og det å minnast dei som ikkje er lenger blant oss, og det arbeidet vi skal gjere vidare for å at det skal bli betre, det er viktig at vi gjer som lokalsamfunn og storsamfunn, seier statsråden.