NRK Meny
Normal

Vil ha meir aktivitet til forsyningsbasen

FLORØ (NRK): Forsyningsbasen på Mongstad har blitt for store i høve til Fjordbase i Florø. Det var ein av bodskapane samferdsleministeren vart møtt med i Florø.

Fjordbase i Florø

STOR KAPASITET: Fjordbase har i dag så god kapasitet at dei ønskjer å få tilbake meir forsyningsaktivitet, seier administrerande direktør Leif Stavøstrand i Saga Fjordbase.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Seint fredag kveld kom samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) til Florø og forsyningsbasen Fjordbase. Der fekk han omvising av mellom anna Leif Stavøstrand, administrerande direktør for Saga Fjordbase.

Han peika mellom anna på at Fjordbase ønskjer tilbake ein del av aktiviteten, som dei no ser forsyningsbasen på Mongstad har fått.

– Vi ønskjer ein balanse der, og vi meiner at vi her har kapasitet, medan dei kanskje slit litt med kapasitet. Då er det fornuftig å fordele den slik at vi kan drive effektivt på begge plassar, seier Stavøstrand.

– Mogleg med anna aktivitet

Solvik-Olsen var i Florø som ein del av ein turné rundt om i Norge der han ser på vilkåra i skipsfartsnæringa. Forsyningsaktivitet i seg sjølv er ikkje oppgåver som ligg på bordet til samferdsleministeren, men han lovar å ta innspela med seg tilbake til olje- og energiministeren.

Ketil Solvik-Olsen på Fjordbase i Florø

PÅ BESØK: Samfersleminister Ketil Solvik-Olsen blir teken imot av Leif Stavøstrand på Fjordbase.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Solvik-Olsen meiner også Fjordbase har potensial til å få anna aktivitet.

– Vi ønskjer at meir gods skal gå til sjøs, og det å bidra til at vi har gode basar rundt omkring, gode hamner, gjer også at det er mogleg å sjå føre seg at ein kan få anna og meir aktivitet. Det har også vore noko vi har diskutert her, seier statsråden.

Positiv til meir aktivitet på kaia

Det er noko Stavøstrand ser optimistisk på.

– Vi har jo aktivitet som går over kaia vår i dag, men vi ønskjer velkommen all ytterlegare aktivitet som vi kan få på den. Det er mykje på veg i dag, så alt vi kan få på sjø og over kaiene våre, både i sentrum og på basen, hadde vore positivt, seier han.

Direktøren brukte også tid å poengtere overfor statsråden kor viktig det er for forsyningsbasen å halde på konsesjonsvilkåra slik dei er i dag, og halde på dagens aktivitet.

– Eg er veldig glad for røyraktiviteten som vi har, men det er viktig å ha forsyningsaktivitet for å ha ein totalleveransebase, rett og slett.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser