Hopp til innhold

«Han var ein ekte gledesspreiar og ein fantastisk formidlar»

Både tidlegare fylkesordførar Nils R. Sandal, Gerd Kjellaug Berge på Selje Hotell og multikunstnar Oddvar Torsheim minnest NRK-profil Birger Meland med takksemd og glede. Men dagen i dag har vore tung.

Minner

GODE MINNER: Nils R. Sandal og Oddvar Torsheim minnest ein god ven og musikar, NRK-profilen Birger Meland.

Foto: Roy Raasholm Fauske/Brit Jorun Svanes/Karl Kristian Langeland / NRK

– Dette var ein veldig tung og trist melding å få. Først av alt tenkjer eg på Birger sine næraste. Men eg er også viss på at det er veldig mange rundt om i fylket som har ein veldig tung dag i dag. Det gjeld også meg sjølv, seier tidlegare fylkesordførar Nils R. Sandal.

Den kjende NRK-profilen Birger Meland omkom natt til torsdag i ein husbrann i Stryn.

Sandal har kjent Birger Meland i mange år, både som politikar, men også som lidenskapleg musikkinteressert.

Birger var i ei klasse for seg, både som person, dyktig musikar og ein særdeles engasjerande reporter. Ei sjeldan eldsjel og eit førebilete. Mange gode minner ta vare på, både frå studio og i felten.

– Eg har kjent Birger i veldig mange år gjennom ulike samanhengar. Han var veldig interessert i musikk på same måte som meg sjølv. Vi sat mange, mange kveldar og diskuterte musikk, og han var jo ein fantastisk formidlar av musikk sjølv også. Han laga mange gode sosiale fellesskap gjennom sin måte å formidle musikk på, seier Sandal.

Eit stort tap

Han trekkjer også fram den posisjonen Birger Meland hadde gjennom sitt virke som NRK-reporter i over 20 år.

– Han var jo ein heilt spesiell radiomann, som også der klarte å formidle og få kontakt med folk, lage fellesskapet mellom intervjuobjektet og alle oss som sat rundt radioapparata. Det er eit stort tap når Birger no har gått så brått bort, seier ein tydeleg prega Sandal.

Birger Meland har vore ein del av NRK Sogn og Fjordane i 21 år, ja for mange radiolyttarar var han NRK Sogn og Fjordane. Han var programleiaren med den smittande entusiasmen, som kunne formidle glede over den minste ting.

Ein trist dag for alle radiolyttarar, men aller mest for familie, venner og kollegaer. Birger var eineståande på sin måte, og hadde ei evne til å få folk til å trekkje på smilebandet, både når han var på radioen og når han heldt dansemusikken i gang.

Dei siste åra var han reisande reporter, alltid på farten, gjerne i Nordfjord i morgonsendinga før han sette reportasjebilen i gir og køyrde til indre Sogn for å kome direkte inn i ettermiddagssendinga derifrå.

Han rapporterte frå vegopningar, han snakka med dronning Sonja og med ferjebillettørar på same folkelege måten.

Ein god støttespelar

Ei av dei som har hatt mange besøk av både reporter og dansemusikar Birger Meland er Gerd Kjellaug Berge på Selje Hotel.

– Det var ei ufatteleg trist melding å få. Det har gått sterkt inn på meg. Vi har hatt ein god del med han å gjort, ikkje minst det siste året. Det var nesten som eit sjokk å få denne beskjeden i dag, seier Berge.

Den gode radiostemma som fekk oss i godt humør, din gode latter og kommentarer, får vi aldri meir høyre. Trist at du har gått bort.

Ho har berre velord å seie om både journalisten og artisten Birger Meland.

– Først og fremst var Birger ein veldig gledesspreiar, både overfor dei som han jobba for, men ikkje minst for det publikumet som han hadde. Vi hadde han her hjå oss både som 17. mai-reporter, og opptakten til St. Sunniva-statuen, så det siste året har han vore mykje på Selje. Han har vore ein veldig god støttespelar for oss i dei store arrangementa som vi har hatt i det siste, seier Berge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Birger Meland og Lill Lindfors

SNAKKA MED ALLE: Birger Meland kom lett i prat med alle, om dei var kjendisar eller arbeidsfolk. Her eit bilete frå ein av gongene han intervjua den svenske artisten Lill Lindfors.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Hadde eit unikt, godt humør

Før Birger Meland kom til NRK Sogn og Fjordane var han med på å byggje opp lokalradioen Radio Stryn, og frå 1979 til 1990 var han med i orkesteret Fernando, som tråla vegane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Enkelte veker kunne dei ha fire-fem oppdrag, fortel Anders Magne Vik, som og var med i Fernando.

– Eg og Birger hadde mykje i lag, for det meste moro, men det var ikkje alltid vi var samde. Men vi var begge slike typar at dersom det oppstod ei konflikt, så berre lo vi litt, og så var det over. På den måten kunne vi samarbeide i så mange år. Vi hadde eit veldig godt samarbeid, seier Vik.

Ein raus mann med mange gode historier å fortelje.

Midt oppe i all sorga, har han mange gode minne om den gamle spelekameraten.

– Han var ein svært omgjengeleg person, alltid smilande og blid, seier Vik.

Ei musikalsk kruttbombe

Birger Meland var ein person med ein utruleg energi, han hadde lange dagar som reisande reporter, og mange helgar gjekk med til å spele til dans.

– Han var ei musikalsk kruttbombe. Eg har lært mykje av han, både om harmoniar og framsyning. Å få beskjed om at han no er borte, kom som eit veldig sjokk, seier kunstnar Oddvar Torsheim.

Så ufatteleg trist. Kjem til å sakne den gode radiostemma, den omreisande reportaren som var så glad i, og flink til å dekke små og store hendingar i fylket. Han sparte aldri seg sjølv.

Også han har vore på scena med Birger Meland, og har mange gode minne om den tida.

– Han hadde lyden, og kunne alt om det, medan eg gjekk og snubla i leidningar heile tida. Eg fortalde dårlege vitsar, og så akkompagnerte han meg i bakgrunnen, seier Torsheim, og smiler.

(Artikkelen held fram under biletet)

Birger Meland og Oddvar Torsheim

TO GODE BUSSAR: Birger Meland og Oddvar Torsheim kjende kvarandre godt.

Foto: Fjordenes Tidende

Var fenomenal til å stille opp

– Han var veldig høfleg og lo på dei rette plassane. Vi var i alle krinklar og krokar, seier Torsheim.

– Det var ei ufatteleg intens tid. Det var sterkt, sterkt, sterkt. Nesten som Rolling Stones, seier Torsheim.

– Når de to karane var på tur, kven var det som var sjefen?

– Eg trur det var begge to, på ein måte. Vi krangla aldri. Vi kom alltid overeins. Birger kunne så mykje om lyd. Eg kom med ein dieselmotor med ein leidning, og den klikka av og til. Men Birger han fiksa det. Han var fenomenal til å stille opp, seier Torsheim.

Midt oppe i alt det triste, minnest Torsheim alle dei gode tinga.

– Eg har berre gode minne. Berre gode minne. Dei få kranglane vi hadde, ja det må eg seie, såpass må det vere. Det var muntert. Eg har berre gode minne, seier Torsheim rørt.

På NRK si facebook-side har over 400 personar lagt att ei siste helsing til Birger. Også på hans private facebook-side er det mange hundre helsingar frå mange som saknar han djupt.