NRK Meny
Normal

Slik kvitta dei seg med bilar og bussar i gamle dagar

Det var ikkje like enkelt å kvitte seg med gamle bilar før vrakpanten vart innført. I Nordfjord inviterte Hornindal kommune folk til å dumpa bilar i Europas djupaste innsjø.

Bilvrak Hornindalsvatnet

VIL DU BLI KVITT BILVRAK?: Det lurte friluftsnemnda i Hornindal kommune på i 1977. Annonsen er frå avisa Fjordingen.

Foto: Arkiv, Fjordingen 1977

– Det er lett å vere etterpåklok, men dette var andre tider. Det ligg nok mange bilvrak rundt om på botn av vatn og fjordar, seier Atle Tomasgard.

Det er ikkje alle som var aktiv i kommunal drift på syttitalet som lever i dag, men Tomasgard hugsar saka godt.

Han sat i kommunestyret i Hornindal då forslaget om å køyre bilar på isen kom opp og meiner å hugse at det var Venstre som fremja forslaget.

Det var Fjordingen som først omtalte saka.

Å dumpe bilar i fjord og vatn var faktisk vanleg over heile landet fram til vrakpanten vart innført i 1978. Tomasgard meiner at det spesielle med denne saka er at det var kommunen sitt forslag.

På Hornindalsvatnet

KØYRDE BILANE PÅ ISEN: Det var ikkje uvanleg at ein dumpa bilar i vatn, elvar og fjordar i tidlegare tider. På Hornindalsvatnet såg ein det som praktisk å køyre bilane utpå det islagde vatnet, for så å vente på at isen smelta.

Foto: Kristoffer Rye

Skal undersøke drikkevatnet

Nokre vil kanskje spørje om det er så lurt at haugevis med bilbatteri ligg på botnen av eit drikkevatn. I Hornindal kommune har dei fått mange førespurnader etter at Fjordingen skreiv om den kuriøse annonsen frå syttitalet. Dei har faktisk sett seg nøydde til å sjå nærare på saka.

– Det er jo tale om eit verna vassdrag, og ikkje minst er Hornindalsvatnet drikkevasskjelde. Vi har tatt kontakt med folk som skal undersøke vatnet for å finne ut om det er noko skadeleg det her, seier einingsleiar Ståle Hatlelid i Hornindal kommune.

Atle Tomasgard

ANDRE TIDER: Atle Tomasgard sat i kommunestyret i Hornindal då ein kom på tanken om å køyre bilar ut på Hornindalsvatnet på vinteren.

Foto: silje Guddal / NRK

Lempa 100 bussar på fjorden

Det er ikkje berre i Hornindal at ein har tatt seg til rette og nytta fjord og vatn som avfallsplass. Bjørn Nordberg jobba i Firda Billag i Førde i 49 år, og kan fortelje kva dei brukte å gjere med bussane i tidlegare tider.

– Vi køyrde bussane fram på ein hammar, og skubba dei over stupet med ein truck. Det var hundre meter ned, og djupt i fjorden, men etter kvart såg vi bussane som samla seg opp nede i djupet.

Nordberg trur dei må ha kasta ein stad mellom 50 og 100 bussar på den same staden i Førdefjorden.

Olje og tungmetall kan piple ut

Sjefsingeniør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Gøsta Hagenlund, seier at dei kjenner godt til problemet med den gamle praksisen. Han seier at det er viktig å undersøke slike tilfelle når ein oppdagar dei.

– Det kan vere vanskeleg å oppdage giftstoff i vatnet med enkle undersøkingar. Utan at ein er klar over det, kan tungmetall eller olje piple ut over tid, seier Hagenlund.