Hopp til innhold

I morgon er det 100 år sidan denne karen vart avduka

Onsdag er det 100 år sidan den tyske keisar Wilhelm avduka statuane av Fridtjov den frøkne på Vangsnes og kong Bele i Balestrand. Men det som blir kalla 1900-talets hending i Sogn, gjekk føre seg ikkje heilt utan dramatikk.

Created by InfoDispatcher

VERT IKKJE GLØYMT: 31. juli 1913 var ein høgtidsdag av dei store for alle som var til stades under avdukinga av statua av Fridtjof den frøkne.

– Her reknar eg med at keisaren gjekk i land, seier lokalhistorikar Arne Inge

Sæbø, medan han ruslar nedi fjøresteinane der Sognefjorden slår mjukt mot neset på Vangsnes.

– Det har jo aldri vore så mykje folk på Vangsnes, korkje før eller seinare, seier Sæbø.

Det var hundreårets hending i Sogn. Det var dagen då ein mektig tysk keisar heldt inntog i ei lita vestlandsbygd. Det mektige 122 meter lange og 10,4 meter breie keisarskipet Hohenzolleren låg som ei kvit kjempe utanfor Vangsnes.

Som om Obama kom på besøk

Tusenvis av menneske strøymde til for å sjå avdukinga av ein gigantisk statue av keisaren sin store helt, Fridtjov den frøkne.

– Det er jo vorte samanlikna med at det er som om president Obama skulle dukke opp i Sognefjorden. Keisar Wilhelm var rekna for å vere verdas mektigaste mann på den tida, seier Sæbø.

Men under festivitasen låg ei frykt. Medan militærmusikken marsjerte opp hovudvegen, tok verdsherskaren inn på ein kjerreveg.

– Det var her keisaren gjekk opp fordi han frykta attentat, og han gjekk difor ein omveg for å føle seg tryggare, fortel Sæbø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stillas

TUNGT ARBEID: Det var ikkje berre berre å setje opp den enorme statua. Skikkeleg sikring måtte til.

Foto: arkiv / NRK

Frykta for livet sitt

Keiser Wilhelm hadde grunn til å frykta for livet sitt. To år før kom agentar frå ein serbisk terroristorganisasjon til Norge for å drepa han.

– Han skulle på sin årlege tur til Supphellebreen i Fjærland. Dei reiste til Fjærland og skulle likvidere keisaren då han kom dit. Hadde ikkje denne turen til Fjærland vorte avlyst den dagen, så kunne det verkeleg ha endra historia, seier Sæbø.

Den løynde ruta gjekk gjennom dette tunet, tunet der Leif og Johanna Vangsnes bur i dag. Politiet hadde på førehand saumfare hus og stabbur på garden, også den gamla høyløa til besteforeldra til Leif.

– Den gongen var det ein glugge i kvar av sidene av løa, for å få gjennomtrekk for høyet. Og den var jo ypparleg dersom ein skulle liggje ein stad med eit våpen. Difor vart gluggen ettertrykkeleg spikra att med grove plankar, fortel Leif Vangsnes.

Bestemora tok handhelsinga med stoisk ro

Han fortel vidare at keisaren kom opp gjennom tunet, og var bortom og helste på dei som budde der, før keisarfølgjet rusla vidare bortover vegen mot Fridtjovparken.

Men at det var finfolk til gards, tok bestemora til Leif med stor ro.

– Ho var ganske nøktern, ho let seg så lett vippe av pinnen, ler Leif Vangsnes.

I Fridtjoparken, som ligg eit steinkast frå garden til Leif og Johanna Vangsnes, står gigantstatuen av Fridtjov den Frøkne. Sokkelen er 10,5 meter, sjølve statuen 12 meter høg. Eit landemerke for alle som ferdast på Sognefjorden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arne Inge Sæbø

PARK: Den fine parken rundt statua av Fridtjof den frøkne vert hyppig vitja av turistar. T.h. lokalhistorikar Arne Inge Sæbø.

Foto: Johan Moen / NRK

Las høgt frå soga ombord

Keisaren var oppslukt av soga om Fridtjov den frøkne, vikingen som blei konge over Sogn og som til slutt fekk si Ingebjørg, dotter til småkongen Bele.

– Det var yndlingslitteraturen hans. Det var vanleg med høgtlesing frå dette diktverket om bord på Hohenzolleren kvar einaste kveld. I takksemd for den velkomsten han fekk her i Norge, let han denne statuen reise på Vangsnes, samt ei mindre statue av kong Bele i Balestrand, fortel Sæbø.

Wilhelm sjølv stod for avdukinga, og heldt ei svulstig tale om vikingtid og om «blodsband mellom germanske nasjonar» Etterpå takka Kong Haakon meir avdempa for keisargåva.

– 31. juli 1913 er ein dato som for all tid vil stå med gullskrift for alle vangsnesingar. Det er klart dette var ei storhending her, med så mange folk til stades og ei slik storslått gåve, seier Sæbø.