Fann biletskatt i gamle album - no har bileta blitt dokumentarfilm

I ei lita bygd i Sogn, fann verda mektigaste menn si ferieperle for 100 år sidan.

Video Arkivskatt blir til dokumentarfilm

SJÅ TV-SAKA: Keisartida i Balestrand har sett sitt preg på bygda. Sjå klipp frå filmen Fotografen og Keisaren.

Tyske keisar Wilhelm II sine turar til Balestrand blei dokumentert av ei ung bergensjente med fotoapparat. No er bileta blitt ein dokumentarfilm.

Regissør Ingrid Ese frå Balestrand står bak filmen «Fotografen og Keisaren». Ho bur på Lillehammer og driv eit filmselskap saman med mannen sin.

– Folk i bygda har alltid vore opptekne av keisartida her, fortel ho.

Mektig mann

Balestrand blei favorittplassen til Keisar Wilhelm og lenge kom han hit kvar sommar.

Og det var ikkje kven som helst som besøkte Balestrand på byrjinga av førre århundre. Historikar Rasmus Sunde seier at det var enorm noregsreklame at keisaren kom på besøk.

– Han var den mektigaste mannen i verda. Det er som om Barack Obama skulle feriert her år etter år, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kong Haakon VII og keisar Wilhelm om bord på "Hohenzollern"

KONGE OG KEISAR: Kong Haakon VII og keisar Wilhelm om bord på 'Hohenzollern'

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kom tett innpå keisaren

Den unge bergensjenta Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran var amatørfotograf på same tid som Keiser Wilhelm II ferierte med pomp og prakt i bygda Balestrand like før 1. verdskrig.

– Dette pregar Balestrand som bygd den dag i dag. Eg trur det har gjort noko med bygdefolket, vi har alltid snakka om denne keisartida.

Tilfeldigheitene ville det slik at ungjenta blei forelska i ein av offiserane om bord på keisarskipet. Ho kom dermed tett innpå keisaren og følgjet hans.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran

TOK BILETE: Den unge jenta Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran fekk innpass hos keisaren og hoffet hans.

Foto: Privat

Albuma skjulte ein skatt

Bileta til Magdalene er unike og dokumenterer det litt absurde som skjer når ein verdsherskar gjer sitt inntog blant smålåtne bygdefolk.

Albuma til Magdalene var lenge gløymde inntil dei blei oppdaga på eit loft på Lillehammer. Albumet skjulte skattar ikkje så mange kjende frå før. Ingrid Ese fekk bileta av ein kollega.

– Han kom med fem album og sa at dette var noko for meg. Det eine biletet etter det andre var frå heimbygda mi. Eg har høyrt om keisaren heile livet, men har mest tykt det var skummelt. Eg sette meg ned for og såg på bilete. Eg fann ut at dette kunne vere interessant for fleire å sjå, fortel ho.

For det var mykje som skjedde då keisaren vitja Balestrand. Han fekk mellom anna sett opp ein kjempestatue av Fridtjof den frøkne. Han sette bygda på hovudet og bygdefolket blei tilskodarar til det heile.

– Eg var sikker på at desse bileta er det ikkje så mange som hadde sett før.

Ein lang veg

Ingrid Ese

REGISSØREN: Ingrid Ese frå Balestrand har laga film om der spesielle tida i Balestrand,

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Som regissør er Ingrid Ese alltid på jakt etter gode historar og dette var noko å ville lage noko av.

– Det har vore ein lang veg for å finne ut kva som skulle vere med i filmen. Det er så mykje å ta tak i. Det er mørke sider også, ikkje berre fest og moro. Eg sydde i hop ei historie eg trur kan vere interessant for andre.

Første gong keisaren kom inn fjorden med alle krigsskipa, trudde folk det var krig.

– Bygdefolket blei litt redde. Det kom fleire hundre menn og det var masse styr. Han hadde orkester om bord og det det var dans som bygdefolket berre var tilskodarar til. Eg trur bileta kan vise litt av det livet som var i bygda på den tida med flotte kjolar og hattar.

Interessert hotelldirektør

Ungjenta som tok bileta budde på Kviknes hotell under opphaldet i Balestrand. I dag er det Sigurd Kvikne som er hotelldirektør og han har alltid vore interessert i det som skjedde på byrjinga av 1900-talet. På hotellet sitt har han mellom anna ein stol der det står inngravert at keisaren har site i den.

I dag såg han den nye dokumentarfilmen til Ingrid Ese.

Sigurd Kvikne

VIKTIG FOR BYGDA; Hotelldirektør Sigurd Kvikne likte den nye filmen om keisaren.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det var ein veldig fin og interessant film. Vi får eit innblikk i det indre liv i Balestrand blant keisaren sine folk. Jenta tok mange artige bileta medan ho var.

Viktig for reiselivet

Keisaren var 22 somrar i Norge, der dei siste var i Balestrand. Han var som oftast der ein månad og gongen.

– Sett frå reiselivet sitt synspunkt var dette stort. Turane fekk mykje presseomtale i Tyskland og resten av Europa. Dette har hatt enormt stor betydning for for utviklinga av reiselivet i området.

Han anbefalar alle som er interessert i historia til keisaren om å sjå filmen.

– Det er veldig fascinerande det som skjedde. Det kom så utruleg mykje folk hit medan keisaren var på besøk, også frå utlandet.

Vil ikkje røpe slutten

No er regissør Ingrid Ese stolt over at filmen er ferdig. Men ho vil ikkje røpe korleis det gjekk med den unge fotografen og offiseren.

– Nei, det må folk sjå filmen for å finne ut, ler ho.

Kapproing i Balestrand

ROING: Det blei arrangert kapproingskonkurranse i Balestrand då keisaren var på besøk.

Foto: Magdalene Elisabeth Krøpelin Gran