Hopp til innhold

Slik hylla dei urvestlendingen

FØRDE (NRK): – Eg hadde aldri tenkt at bokprosjektet mitt skulle ende på denne måten.

Norvald Tveit blir hylla på scenen.

SONG FOR JUBILANTEN: Elevar frå Førde kulturskule song bursdagssongen for dramatikaren.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Det var ein overvelda Norvald Tveit (89) som vart møtt av ein fullsett sal då han lanserte boka På Reservetanken. Boklanseringa var òg ei tidleg bursdagsfeiring for dramatikaren, som fyller 90 år 22. desember.

– Ein yngre mann ville vel blitt strålande glad, men når du er 90 begynner du å bli spakare når det gjeld kjensler. Men eg er stolt og glad, seier jubilanten.

Teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, Bodil Kvamme, var ikkje i tvil om at dramatikaren skulle feirast.

– Norvald Tveit er på mange måtar Sogn og Fjordane sin diktarhøvding, seier Kvamme.

Teatersjef Bodil Kvamme diskuterer.

INVITERTE: Teatersjef Bodil Kvamme inviterte til bursdagsfest saman med Selja forlag.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Ballongar og gullkonfetti

Førde Kammerkor opna festkvelden, før bursdagsgjestane fekk servert smakebitar frå teaterstykke av Tveit. Frå det første stykket han sette opp, Splint frå 1977, til det siste, Kystkvinner frå 2005. Fleire gjestar bidrog med videohelsingar, mellom anna Jon Fosse, som kalla bursdagsbarnet både «den vestlandske urdramatikaren» og «sjølvaste urvestlendingen».

Då festprogrammet var over kom elevar frå Førde kulturskule inn med ballongar og song bursdagssongen. Det glitra det i konfettikanonar, og publikum vart inviterte opp på scena for å ete bursdagskake.

Bursdagskake til Norvald Tveit.

SPANDERTE: Det var bursdagskake til alle som ville ha.

Foto: Synne Ulltang / NRK

– Det kom veldig uventa, seier Tveit om det rikhaldige programmet og det store oppmøtet.

Tips til å skrive

Køen for å få boka På Reservetanken signert var lang. Det var Norvald Tveit sjølv som hadde tatt kontakt med Selja Forlag for å høyre om dei ville gje ut boka hans.

– Eg har no denne Macen min og så blei eg liggande og skrive litt på den og så var det meir og meir og til slutt vart det ei bok av det. Men boka blei litt annleis enn eg hadde tenkt. Eg hadde tenkt å skildra med humor min eigen nedtur som 90-åring. Så blei det eit jubileumsskrift, seier Tveit.

Dramatikaren og skribenten hadde til slutt eit godt råd å komme med til andre som ville bygge ei karriere av å skrive.

– Dei som har ein draum om å skrive bør vere yngre enn meg. Du må vere levande og følge med i ting som skjer rundt deg. Og du må ha lyst til å formidle, seier Tveit.

Norvald Tveit signerer boka si.

BOKSIGNERING: Det var mange som ville få boka signert.

Foto: Synne Ulltang / NRK