Hopp til innhold

Slik held dei vegen trygg

Vegen mellom Tyin og Årdal var ein av dei mest rasutsette fjellovergangane i landet. No har vegen blitt tryggare ved hjelp av ein metode for rassikring, som er ny i Noreg.

KONTROLLERT: De to siste vintrane har over 180 snøskred blitt løyst ut ved hjelp av skredtårna over fv. 53.

– Før var det meir risikabelt. Ein visste jo aldri når skreda kom, seier brøytebilsjåfør Håvard Midtun.

Tidlegare måtte brøytemannskapet på Tyin-Årdal leve med ein overhengande skredfare. Fleire gonger har brøytebilar og mannskap blitt teke av skred under brøyting av fylkesvegen.

– No er den risikoen nærmast eliminert, seier Jens Tveit, geolog i Statens vegvesen.

Dei to siste vintrane har vegvesenet teke i bruk ein ny metode for å rassikre vegen mellom Tyin og Årdal. Hausten 2016 vart det montert skredtårn over fylkesvegen. No kan skred som ville gått naturleg, løysast ut kontrollert, ved hjelp av desse.

900 millionar kronar rimelegare

– Det har definitivt auka sikkerheita for både brøytesjåførar og vegfarande. Vi har ikkje stengt vegen på same måte som vi har gjort før, seier Tveit.

Jens Tveit

NYTT i NOREG: Geolog i Statens vegvesen, Jens Tveit, seier at dette er ein ny måte å rassikre vegane i Noreg på.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Dette var den første vegstrekninga i Noreg som fekk denne forma for rassikring. Statens vegvesen er godt nøgt med resultatet og seier det er aktuelt bruke dette som sikringstiltak på andre rasutsette fjellovergangar.

– Dette er aktiv sikring, og det er mykje rimelegare enn permanente sikringstiltak som tunnel. På Tyin ville ein permanent skredsikring kosta om lag 900 millionar meir, seier geologen.

Kan sikre fleire vegar

Stian Langeland arbeidar for Wyssen Norge. Det er dei som har montert og som driftar skredtårna for Statens vegvesen.

– Når det er høg skredfare så kan vi stenge vegen for ein kortare periode og løyse ut skred ved hjelp av fjernstyring, forklarar han.

Metoden er mellom anna nytta som rassikring i Sveits og Canada. Langeland meiner dette er ein god metode for å få til skredsikring på fleire vegstrekningar i landet.

– Alle vegane i landet skal vere sikra mot skred innan 2030. Eg trur at ein må ta i bruk slike sikringsmetodar for å nå dette målet. Det er kostnadseffektiv og gjer at ein kan sikre mange fleire vegar innan for dei økonomiske rammene, meiner han.

Snøskred

SKREDTÅRN: Langs fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin finst det 14 slike skredtårn.

Foto: Whyssen Norge