Hopp til innhold

Det tok ei gravemaskin, sju lastebilar, sju traktorar og 100 personar - men så vart det renn...

Tre dagar før landsdelsmeisterskapen i skiskyting, fanst det ikkje eitt snøkorn i skiløypene i Vik. Det skulle ein ikkje trudd når ein såg løypene i helga.

– Så lenge vi har snø på Vikafjellet, så er det nesten ikkje grenser for kva vi kan arrangere her på Vik skisenter, seier rennleiar og leiar i Hordaland skiskyttarkrins, Bjørn Tore Årevik.

Innsatsen som vikjene har lagt for dagen for å arrangere landsdelsmeisterskap i skiskyting er knapt til å tru. For det var lite som minna om skiløyper då vikjene tok til å flytte snø onsdag.

– Det var tørr asfalt då vi starta. Vi visste det kom til å bli ein kjempejobb, men alle var innstilte på kva vi hadde framfor oss. Det var ikkje snakk om å trekkje seg, seier Årevik.

Flytta 3.500 kubikk snø

Men der dei fleste hadde valt å droppe heile greia, bretta vikjene opp ermene. Dei tok over arrangementet frå Markane IL, som dessverre måtte seie frå seg arrangementet på grunna av snømangel.

I Vik har ein derimot verdas største snøproduksjonsanlegg. På Vikafjellet er det nemleg meir enn nok snø.

I løpet av vel tre dagar flytta dei 3.500 kubikk snø frå Vikafjellet. I utgangspunktet var planen å flytte 2.500 kubikk, men dei såg raskt at her måtte det meir til for å fylle løypene, sidan minusgradene let vente på seg.

– Vi hadde ei gravemaskin på Vikafjellet, og ho gjekk i eitt. Sju bilar køyrde jamt og trutt, kvar runde tok om lag 40 minutt, seier Årevik.

LES OGSÅ: Med 200 lastebillass med snø frå Vikafjellet skal løypene bli klare til LM i skiskyting

Kom med krafser og river

Og medan lastebilane, som i snitt tok 30 kubikk i slengen, køyrde tur-retur Vikafjellet med snø, strøymde bønder i nærleiken til med traktorar og hengarar og fekk transportert snøen ut i den tre kilometer lange løypa.

Men jobben var ikkje gjort med det.

– Det måtte jo mokast ut i løypene slik at det vart jamt. Det har vore ein heilt fantastisk dugnadsinnsats. Eg er rørt over korleis folk har stilt opp. Det finst ikkje ord for det folk har gjort, og det er heilt ubetaleleg, seier Årevik.

Det var tørr asfalt då vi starta. Vi visste det kom til å bli ein kjempejobb, men alle var innstilte på kva vi hadde framfor oss. Det var ikkje snakk om å trekkje seg.

Bjørn Tore Årevik

Snøkøyringa tok til tidleg onsdag morgon og heldt fram til seine kvelden, og slik heldt dei fram både torsdag og fredag.

– Folk er lette å be, og folk stilte mannsterke opp med både krafse og rive og lurte på kor dei kunne hjelpe til. Når så mange tilbyr seg å hjelpe, er det nesten uverkeleg. Engasjementet har vore heilt fantastisk, seier Årevik.

Tek ikkje hjelpa for gitt

Han understrekar at dei har fått langt meir hjelp enn kva dei kunne ha rekna med.

– Når ein skal gjennomføre noko slikt, så kan ein ikkje ta slik hjelp for gitt. Det er heilt utruleg, seier Årevik.

Då renndagen kom på laurdag, var det ifølgje Årevik svært gode skitilhøve for utøvarane.

– Dei tilhøva vi har her no er utruleg bra, seier Årevik.

For å få til snøkøyringa, søkte idrettslaget om 50.000 kroner frå Vik næringsfond.

– Søknaden vart send klokka 23.30 ein kveld, og vi hadde positivt svar klokka 07.45 dagen etter. Det er imponerande av kommunen, og vi er svært takksame, seier Årevik.

Har hatt 400 tilreisande til bygda

Han tykkjer det er raust av kommunen å bidra, samtidig som han peikar på at arrangementet også trekkjer mykje folk til den vesle bygda langs Sognefjorden, på eit tidspunkt der det er lite aktivitet elles.

– I løpet av helga er det om lag 400 tilreisande. Dei legg att pengar i form av både overnatting og mat. Dette er noko både kommunen og næringslivet får att for, seier Årevik.

Han ser dette som ledd i ein langsiktig strategi for å marknadsføre Vik som ein skiskyttardestinasjon.

Vi hadde ei gravemaskin på Vikafjellet, og ho gjekk i eitt. Sju bilar køyrde jamt og trutt, kvar runde tok om lag 40 minutt.

Bjørn Tore Årevik

– Sogndal har fotball. Vik har skiskyting. Så lenge vi har snø på Vikafjellet, kan vi ta på oss det meste av arrangement, seier Årevik.

Midt i snøarbeidet tulla dei med at når arrangementet er over søndag, bør dei pakke i hop snøen, og sende han vidare til Voss.

Meir enn nok snø å ta av

Hordalendingane har nemleg ikkje meir snø enn dei treng dei heller. NM i skiskyting skal arrangerast på Voss 25.-30. mars. For å klare å arrangere, viss ikkje snøen kjem til å lave ned, har vossingane bestemt seg for åhente snø frå Vikafjellet til Voss ski- og tursenter.

Det kan i verste fall koste dei 300.000 kroner. Men for hordalendingane er det langt meir krevjande å køyre snø frå Vikafjellet.

Det synest ikkje at vi har henta snø ein gong.

Bjørn Tore Årevik

– Det er lenger for dei å køyre. Vi skaffar snø på 40 minutt. Det er eit privilegium, seier Årevik.

Og viss du trur at det no er store parti på Vikafjellet der snøen er vekk, så tek du feil.

– Det synest ikkje at vi har henta snø ein gong, ler Årevik.

I helga har nær 200 utøvarar kjempa om pallplass i landsdelsmeisterskapen i skiskyting ved Vik skisenter.