Hopp til innhold

No får dei snøen som reddar skiskyttar-NM

Arrangørane av skiskyttar-NM trengde snø, men mangla både pengar i tillegg til godvilje frå vêrgudane. Men no er snøkrisa avverja.

Snø til skiskyttar-NM

SNØ: Arrangøren får henta snø frå Vikafjellet. Frå venstre; Rune Nesheim frå Voss Energi, Einar Larsen frå Vekselbanken, Kurt Arild Midtun frå Voss Sparebank, Tore Nyborg (prosjektleiar), Frode Rokne (styreleiar) og Svein Inge Styv (leiar i Organisasjonskomiteen)

Foto: Voss Ski- og tursenter

– Vi kan takke det lokale næringslivet for dette. Dei har sponsa oss med sårt trengde midlar, og vi kan byrja å køyre snø frå Vikafjellet til løypene i Voss Ski- og tursenter, jublar prosjektleiar Tore Nyborg.

Om knappe to veker går noregsmeisterskapen i skiskyting av stabelen i skisenteret på Voss. Der kjem Tora Berger og Ann Kristin Aafedt Flatland for å gå sitt siste NM, samt tidenes olympiar Ole Einar Bjørndalen.

Kritisk snømengd

Og ein kan godt forstå at Nyborg er i godt humør torsdag. For få dagar sidan var det krisestemning på Voss. Med berre to veker att til skiskyttar-NM var mengda med snø i skiløypene kritisk låg.

– I verste fall må me køyra inn snø frå Vikafjellet, til ein kostnad på 300.000 kroner. Men dette er pengar me ikkje har, sa prosjektleiaren måndag.

Nyborg hadde brukt søndagen til å sitje i krisemøte med arrangørane. Eit vêromslag med vind, regn og 10 varmegrader hadde i løpet av helga skapt slaps og overvatn i NM-løypene.

Artikkelen held fram under biletet

Voss ski og tursenter

SLIK SÅG DET UT: Ikkje akkurat gode forhold på Voss Ski- og tursenter måndag.

Foto: Voss Ski- og tursenter

Sponsar 300.000 til snø

Torsdag ser ting mykje lysare ut.

– Vi måtte gå ein runde til næringslivet på Voss. Dei tek rekninga for transport av snø, sjølv om dei ikkje har ein direkte gevinst av arrangementet, fortel Nyborg.

Det er Voss Energi, Vekselbanken og Voss Sparebank som finansierer NM-arrangøren med snø. Måndag byrjar fem kontainarbiler å køyra snø frå Vikafjellet til skiløypene på Voss, heile dagen utan stogg.

– I tillegg har meteorologane lova oss temperaturar som gjer at vi kan setje i gang snøproduksjonsanlegget natt til søndag. Det er utruleg herleg at vi no kan garantere ein skikkeleg skiskyttar-fest i slutten av mars, avsluttar Nyborg til NRK.