Hopp til innhold

Slik feirar dei gamalosten i Vik

Tradisjon tru vert gamalosten feira i Vik også denne våren. Ein eigen festival skal halde liv i den gamle mattradisjonen og folk har møtt opp i hopetal.

- Det er berre heilt fantastisk, seier Erling Stadheim som er leiar i hovudstyret i Gamalostfestivalen.

- Det er fullt i folk over alt

Startskotet for årets Gamalostfestival gjekk allereie fredag kveld då fleire hundre samla seg til opningskonsert i Hove kyrkje. Seinare på kvelden var det festkveld i Vikjahalli.

- Det var heilt fullt i kyrkja, og rett og slett stappfullt på dansen, fortel Stadheim nøgd.

Gamal tradisjon

Laurdag fortsette feiringa av den over tusen år gamle tradisjonen med gamalost i Vik. Fleire hundre kom til duk og dekka bord då det vart servert gratis frukost ute.

Ost er fokus, og spesielt gamalost. Trass litt regn fekk folk ete seg både gode og mette.

- Sola kika fram og folk kosa seg, fortel Stadheim.

Han fortel at Gamalostfestivalen har vore arrangert i Vik i nær 20 år, og gler seg til fortsetjinga utover laurdagen og søndagen. Til kvelden vert det igjen dans i Vikjahalli og søndag vert det både friluftsgudsteneste og Vikjastafett.