Hopp til innhold

Dugnad berga festival etter brann

Då Hopstock hotell natt til fredag brann, berre timar før startskotet for årets Gamalostfestival, visste bygdefolket råd.

Vikjene vakna opp til eit brannskadd hotell midt i sentrum, og det såg mørkt ut for festivalen som kvart år samlar fleire tusen menneske siste helga i mai. I tillegg skulle bygda arrangere Høgdegalla - midt under Gamalostfestivalen.

Og Ikkje nok med at hotellet skulle huse fleire titals overnattingsgjester, også hovudarrangementet fredag kveld skulle ha vore på hotellet.

LES OGSÅ:

– Det var for gale å avlyse...

– Det var planlagt eit veldig ålreit opplegg på hotellet fredagskvelden. Grunna brannen måtte det avlysast. Men eg tykte det var litt for gale at ein skulle avlyse heile festen, fortel Ole Jørgen Øygarden.

Musikklaget som arrangerer Gamalostfestivalen, hadde ikkje høve til å ta på seg meir dugnadsarbeid når hotellet måtte melde pass. Dermed tok Øygarden, som skulle spele opp til dans med bandet Pryl, saka i eigne hender.

Tok nokre telefonar

– Vi er mange sterke krefter i Vik som kan ta i eit tak. Eg ringde Jorunn Åsfrid Røyrvik som er leiar i skiskyttargruppa. Ho stabla på fote eit vaktkorps, og vi fekk flytta heile arrangementet opp i idrettshallen Blixhalli. Det var ein, om enn noko provosorisk, så ein start som vi tykte var veldig kjekt, fortel Øygarden.

På festen i idrettshallen var det dans og på gjestelista stod også Thomas von Brömssen. Svensken kjend som "Hebbelille" frå 80-talsklassikaren «Albert & Herbert», lagde for eit par år sidane ein dokumentar om tilflyttarar i Vik.

– Tilbakemeldingane var gode, fortel Øygarden som sjølv stod på scena i bandet Pryl, slik han etter planen skulle gjort på Hopstock hotell og pensjonat.

Og det var ikkje berre festen fredag kveld som vart berga av dugnadsanda, også hotellet sine overnattingsgjester fekk ordna seg, sjølv om enkelte måtte krysse fjorden.

Alle fekk overnattingsplass

– Hotellet er viktig for festivalen. Folk må ha overnatting, og vi har for liten kapasitet til slike helger frå før Hotelldirektør Carl André Rieber svinga seg rundt og ordna opp i stor stil og fekk alle losjert. Heile bygda ordna opp. I tillegg hadde mange av gjestene eigne campingvogner og bubilar, fortel festivalsjef Rune Wold.

Han rosar også Øygarden, idrettslaget og resten av gjengen som heiv seg rundt og fekk arrangert dans i Blixhalli, trass i hotellbrannen.

– Ei god kjensle i dag

– Det viser seg at viss ein er litt målbevisst, så kan ein få til mykje. Dugnadsmoralen hos mange i Vik er sterk. Her var vi i eit krisetilfelle, og måtte snu oss rundt. Gamalostfestivalen er viktig for Vik, seier Ole Jørgen Øygarden.

Han oppsummerer festivalen som ei kanonhelg.

– Vi kan vere veldig stolte. Det er ei god kjensle i dag.

Nøgd er også Rune Wold i Gamalostfestivalen som reknar med at om lag 4000 menneske var innom det som var den 16. festivalen i rekkja - på dugnad.

– Det er slik det bør og skal vere. Skjer det noko så må alle vere med å hive seg rundt. Det er ikkje berre bygdefolket generelt, men Vik musikklag gjer alt på dugnad, seier Rune Wold.