Hopp til innhold

Slik blir 17. mai-sendinga frå Sogn

Med vakre Lustrafjorden midt imellom skal det norske folk få oppleve bygdene Ornes og Solvorn på sjølvaste nasjonaldagen.

Solveig Svarstad ved Urnes kyrkje

GLER SEG: Reporter Solveig Svarstad gler seg til å dele 17. mai-feiringa på Ornes og i Solvorn med resten av Norge. Saman med fotograf Stine Kyrkjebø Johansen skal dei mellom anna vitje Urnes stavkyrkje.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Tradisjon tru er NRK på plass fleire stader i landet for å syne fram feiringa av 17. mai. NRK Sogn og Fjordane tek turen til Ornes og Solvorn.

– Vi startar med å filme flaggheisinga på Ornes. Dette er ein av fire plassar der flaggheisinga kjem med i sendinga, seier NRK-reporter Solveig Svarstad.

Saman med fotograf Stine Kyrkjebø Johansen tek dei deretter turen til Urnes stavkyrkje.

– Der møter vi søstrene Ylva (7) og Eirill (10) Bugge Landro. Dei har stavkyrkja inne på sitt eige gardstun, og der skal vi ete frukost saman, fortel Svarstad.

Deretter skal NRK-teamet følgje søstrene til Solvorn der dei skal gå i tog. For å komme seg dit må jentene rekke ferja over Lustrafjorden.

– Det blir mykje fint landskap å sjå, vakre fjell og ein vakker fjord. Det trur eg folk vil setje pris på, seier Svarstad, som gler seg til å feire 17. mai i Luster.

Opplegget for dagen

(OBS: Merk at dette er omtrentlege tider og at dei kan endrast.)

  • 08.00 – Flaggheising frå fire stader i landet; Ornes, Kautokeino, Valhall-feltet i Nordsjøen og Brevik, Østafjells
  • 08.45-10.00 (tre innslag) – Møte med søstrene Eirill (10) og Ylva (7) Bugge Landro ved Urnes stavkyrkje på Ornes. Vi følgjer søstrene på ferja frå Ornes til Solvorn over Lustrafjorden, der dei skal gå i 17.-mai-tog. Det blir totalt tre innslag om søstrene.
  • 11.25 – Vi møter bunadsekspert Bjørg Hovland i hagen til Walaker hotell i Solvorn. Ho skal fortelje oss om sognebunaden og utviklinga den har hatt.