Hopp til innhold

Slepte søkkande bølgjekraftanlegg til land

Havkraft skulle revolusjonere bølgjekraftproduksjonen. I dag vart testmodulen slept til land etter få veker utanfor vêrharde Stadlandet.

Slept til land

MÅTTE SLEPAST: Havkraft har sprunge lekk og tok inn vatn. Den måtte difor fraktast til land.

Foto: Redningsselskapet

Redningsskøyta Halfdan Grieg kom onsdag ettermiddag til Måløy med den ombygde båten som testa ut teknologien til Havkraft.

Båten har sprunge lekk og tok inn vatn.

– Vi fekk kontroll og lensa den. Hadde den lege til i morgon, så hadde den nok gått ned, seier skipsførar Per Bergmann på Halfdan Grieg.

Oppdaga tilfeldig

Anlegget, som konverterer bølgjene om til straum, vart slept ut og sett i drift for nær ein månad sidan . Då hadde måløyselskapet Havkraft jobba sidan 2009 med å utvikla prototypen.

Båten er ein ombygd fiskebåt. Prislappen på konvertoren var på ti millionar kroner. Båten var ikkje bemanna då den tok inn vatn.

I 15 år har ein mann frå Vågsøy hatt ein draum om å temma bølgene og gjera dei om til rein energi. 
No skal han endeleg prøva ut ideen sin...

FORSKA: I 16 år har Geir Arne Solheim i måløyverksemda Havkraft forska på bølgjekraft. Denne saka laga Vestlandsrevyen i 2013.

– Det var ein tilfeldig servicemann som var om bord og oppdaga at det var mykje vatn i den, seier Bergmann.

Truleg sund ventil

Båten vart ikkje lensa heilt tom for vatn, ettersom ein då ville fått dieselsøl på sjøen.

– Generatoren var under vatn, så vi måtte ta den med oss og slepe den inn til verft for å få reparert skadane. Det ser ut til å vere ein botnventil som har gått sund. Noko meir veit vi ikkje før vi har fått den inn til kai og fagfolk har sett på skadane, seier Bergmann.

Sjølv om båten som ber anlegget har tatt inn vatn, seier direktør i Havkraft, Geir Arne Solheim, at vatnet ikkje har gjort noko skade på elektronikken og turbinane på anlegget.

– Kraftverket har ikkje teke skade av dei stormane som vi har vore igjennom. Så det er båten som hadde ein botnventil som tok inn vatn, seier han.

Stad

Skal inn til oppjustering

Solheim har enno ikkje fått greie på årsaka til at ventilen svikta.

– Det er ein gamal båt, så det kan vere mange grunnar til det. Men det er slikt som vi ikkje ønskjer skal skje og det er difor vi følgjer han opp veldig tett heile tida, slik at vi har kontroll på farkosten, seier Solheim.

No skal båten, som har lege til sjøs sidan 21. november, inn til kai for ein sjekk og ein planlagt oppjustering.

– Det er vel kanskje ingen andre flytande bølgekraftverk som har lege så lenge ute i sjøen og produsert. Så det har vore ein milepæl for oss og viktig å få mest mogleg driftserfaring den første perioden, før vi skal ut igjen på nyåret, seier Solheim.