Hopp til innhold

Tilskot gjer at Havkraft kan gå i gang med bølgjekraftverk

Havkraft AS har fått 4,5 millionar i støtte frå Innovasjon Norge. Dermed kan bedrifta no starte bygginga av ein prototype av ein bølgjekraftkonverter til ein prislapp på 10 millionar kroner.

Modell av bølgjekraftverk

SLIK SKAL DET SJÅ UT: Bølgjekraftverket til Havkraft.

Foto: Havkraft

Dette er ei voldsom tillitserklæring, seier administrerande direktør Geir Arne Solheim til Fjordenes Tidende .

Bølgjekraftteknologien til Havkraft skil seg ut ved at den produserer meir kraft enn dei andre løysingane på marknaden, seier Solheim.

– Det er ein smart måte å hente opp energien på. Det er eit passivt design, det vil seie at det ikkje er bevegelege delar i kontakt med sjøen. Det tek opp alle frekvensane som havet har, frå små og korte bølgjer til store og lange bølgjer. seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet).

Geir Arne Solheim

- TILLITSERKLÆRING: Adm. dir. Geir Arne Solheim i Havkraft AS.

Foto: Havkraft

I alt kostar prototypen 10 millionar kroner, men tilskotet frå Innovasjon Norge var det som mangla for at dei kunne gå i gang.

– No har vi alle brikkane på plass. No skal vi til å byggje og få testa det i sjø. Det er der vi får sanninga. Vi håpar at om eitt års tid så skal vi ha det i drift i full skala.