For første gong letta politiet på sløret om korleis den 22 år gamle sjukepleiestudenten vart drepen. For det er funn av spor etter hud og sveitte under kleda på overkroppen til Anne Slåtten som knyter 41-åringen til drapsofferet. Dødsårsaka var kveling.
Meiner dei har gode bevis
41-åringen vart i dag varetektsfengsla i fire nye veker. Politiet meiner dei har gode bevis for at 41-åringen har utført drapet. Difor vil dei at han framleis skal vere varetektsfengsla for å unngå at det vert skapt frykt i lokalsamfunnet. Politiet meiner at det også vil støyte den allminnelege rettskjensla om mannen vert sleppt fri no.
Nektar for drapet
41-åringen nektar framleis for at det var han som utførte drapet. Forsvararen hans, Ivar Blikra, meiner at det ikkje er grunnlag for vidare varetektsfengsling. Blikra kritiserer politiet for einsidig etterforsking.